Psykolog for born og unge

Livet er ikkje alltid lett, og slik er det for alle. Særleg born og unge treng støtte og hjelp frå vaksne når «ting» blir vanskeleg i familien, på skulen eller med vener/fritida.

Foreldre er oftast dei beste til å hjelpa og støtta, men ikkje alltid. Ein god venn er kanskje lettast å snakka med. Men det kan også vera lurt å snakka med læraren din, helsesjukepleiar på skulen, utekontakt eller andre vaksne du er trygg på.

Dei fleste får det betre ved å fortelja andre kva som er vanskeleg, at noko er vanleg og følgja enkle råd. Nokre gonger må ein berre koma seg gjennom vanskelege dagar og periodar, for som sagt «livet er ikkje alltid lett for nokon». Uansett er det lurt å få nok søvn, ha nokre faste rutinar, møta på skulen, delta på aktivitetar som du likar og vera med dei som er bra for deg.

Dersom du har prøvd mange ting over tid, og framleis har td vanskar med å sova, slit med å koma deg på skulen, trekkjer deg unna vener og aktivitetar eller ikkje forstår kva som skjer med deg, er det lurt å få litt meir hjelp. Då kan du snakka med helsesjukepleiar på skulen, fastlegen din og/eller psykolog.

Psykolog for barn og unge er eit lett tilgjengeleg tilbod om psykisk helsehjelp for barn og unge. Psykologen jobbar i Familiesenteret saman med familierettleiarar og utekontakt. Psykologtenesta samarbeider tett med helsestasjon/skulehelsetenesta og fastlegane, men også andre kommunale tenester.


Psykolog har teieplikt etter lov om helsepersonell. Journalføring vert ført i avgrensa område skulehelsetenesta sitt journalsystem. 

Tilbodet er gratis. 

Anna Mo-Bjørkelund
Leiar
E-post
Telefon 90 86 21 06
Mobil 90 86 21 06