Kva tilbyr me?
Alle har ei psykisk helse. Av ulike årsaker kan vi på grunn av psykiske utfordringar oppleva at vi ikkje fungerer slik vi ønskjer og pleier i kvardagen. Det kan t.d. vera viss vi opplever belastande hendingar, endringar i livet, eller kjenner på kjensler der er vanskeleg å handsama.
Avdelinga gjev blant anna tilbod til dei med lettare til moderate psykiske plagar eller rusvanskar, og til dømes ved livskriser der det kan vera tilstrekkeleg med hjelp i ein kortare periode.
Oppfølginga kan vera:
Individuelle samtaler: Har du opplevd sorg, tap eller står i ei livskrise, kan vi tilby støttande samtaler tilpassa ditt behov i ein periode.
Assistert sjølvhjelp: Assistert sjølvhjelp er enkle nettbaserte verktøy for deg over 16 år med vanlege psykiske utfordringar. Dette kan vera stress, angst eller depresjon. Du kan lesa meir her, og sjå om dette er noko for deg https://assistertselvhjelp.no
Hjelp til å finna rett teneste: det kan nokre gongar vera utfordrande å vita kva teneste eller hjelp som er aktuell for deg. Vi kan saman med deg finna ut av dette, og eventuelt oppretta kontakt ved behov.
Støtte og rettleiing til pårørande: Det kan vera krevjande å vera tett på personar som strevar med utfordringar knytt til psykisk helse og/eller rus. Me kan tilby støtte og rettleiing i ein krevjande livssituasjon.
Psykisk helsehjelp i heimen (krev einskildvedtak): Viss du opplever funksjonstap på grunn av psykiske helseproblem, kan du søkja om å få tenester og helsehjelp heime. Du kan få råd, rettleiing og hjelp til å meistra livet ditt. Tenesta krev vedtak.
Kva kostar det?
Tenesta er gratis.
Slik søkjer du
Søknadsskjema
Meir om søknaden her.
Fastlegen kan òg søkja for deg.
Lover og reglar:
Tenesta vert gitt med heimel i:
Klage:
Dersom du ikkje er nøgd med tenesta eller vedtaket du har fått kan du klaga ved å ta kontakt med leiar i ROP eller leiar i forvaltningsavdelinga. Meir informasjon om rett til å klage finn du her.