Skulehelsetenesta

Kva tilbyr me?

Skulehelsetenesta er eit tilbod til alle elevar i grunn-og videregående skular. Born og unge har rett til tilgjengeleg skulehelseteneste. Du vil møte helsesjukepleier og lege ved konsultasjon i 1.trinn og ellers ved behov. Du kan få råd og rettleiing, helseundersøking og vaksinasjon.

Tiltak mot alle og tidleg innsats er viktige prinsipp for tenesta. Gjennom møte med elev, undervisning i klasser og grupper og individuelle konsultasjoner ved 1. og 8. trinn kan det gjera det mogleg for tenesta å oppdage born og unge med behov for oppfølging og hjelp. I tillegg kan ein oppdage trender og utvikling i skulen og i lokalmiljøet. Denne kunnskapen gjer at skulehelsetenesta saman med skulen kan setje i gang tiltak i miljøet som fremjer born og unge si helse, trivsel og meistring. Sentralt i retningslinjene er å vera tilgjengeleg og synleg for elevane, samarbeid med skulen. Å styrkja psykisk helse, førebygge, avverge og avdekke vold, overgrep og omsorgssvikt, bekymringsfullt fråvær . Helsesjukepleier og lege samarbeider nært med fysioterapeut, PPT, familiesenter, kommunepsykolog, barnevern, NAV og tannhelsetenesta i kommunen.

Kva kostar det?

Tenesta er gratis.

Kontaktinformasjon

Korleis kan ein ta kontakt? Send sms til helsesjukepleiar, så ringer me deg opp igjen.

Ein kan óg ta kontakt med leiar for helsestasjon- og skulehelseteneste, Torill Høyland
Tlf. 917 11 245 eller e-post: toho@kvam.kommune.no