Dragning til bygda?

Du treng ikkje oss til å fortelje deg kvifor du må flytta til Kvam.
Det ynskjer me at dei som allereie har tatt steget å flytta her - kan gjere. 
Bli betre kjent med korleis tilflyttarar bur, jobbar og lev i hjarta av Hardanger!

 

Dragning til nærleik og fruktdyrking?

Bli kjent med Lars Jørgen Tveit (35) frå Eivindvik i Gulen og Katrine Kvåle Rykkje (32) oppvaksen på Rykkje. Katrine jobbar som fôroperatør i Lingalaks. Lars Jørgen som hydraulikkingeniør i Vestdavit AS i Bergen, med tre dagar heimekontor.

Bilde av Lars Jørgen og Katrine med familie - Klikk for stort bileteLars Jørgen og Katrine

 

 

Dragning til bygda og golf?​

Hei! Eg heiter Jonas Høgenæs Klyve, er 25 år gammal, og er oppvaksen på Soldal. Etter eit årsvikariat som lektor ved Øystese skule har eg no fått fast stilling i kommunen og skal vera kontaktlærar for 6. trinn på same skule.
 

Bilde av Jonas på Hestheggi - Klikk for stort bileteJonas

 


Dragning til jobb og fiske?

Me er Runa Kvamme Ekrem (31) frå Bergen og Joshua Christie (36) frå New Zealand og Canada.
Før me flytta til Kvam har me budde saman i Sveits, men hadde eit ønske om å flytta til Vestlandet, mellom anna for å vera nærmare Runa sin familie. Runa fekk jobb i Kvam herad, så då flytta me her.

bilde av Runa og Joshua på fjelltur - Klikk for stort bileteRuna og Josh

 

 

Dragning til fjord og fjell - og fenalår?

Møt våre nytilflyttarar Kristina Bruland Hellestveit (28), som er helsesjukepleiar i Kvam herad og odelsjente på Hellestveit gard. Og sambuaren hennar Marius Amundsen (27), som er grafisk designar og fotograf lokalisert i kontorfellesskap i Øystese, men tilsett i verksemd på Toten.  

Bilde komposisjon av Marius og Kristina - Klikk for stort bileteKristina og Marius Marius Amundsen

 

 

Dragning til familie og lett tilgjengeleg natur?

Bli betre kjent med Eli Skeie (36) som er klinisk ernæringsfysiolog og leiar for eit prosjekt som gjeld førebygging og behandling av underernæring blant eldre i Kvam og Voss herad. Og mannen hennar Rickard Willemoes (37) som er lege ved fastlegekontoret Helsebanken i Øystese og Sjukestova i  Ålvik, samt på skule, helsestasjon og legevakt.

Bilde av Eli og Richard med familie framfor Steinsdalsfossen - Klikk for stort bileteEli og Rickard

 

Følg med for fleire presentasjonar av innbyggjarar i Kvam!

Håpar du finn det du treng på nettsida vår - om ikkje er det berre å ta kontakt.

E-post: postmottak@kvam.herad.no
Tlf. 56 55 53 00