Rådmann

Anita Hesthamar har vore rådmann i Kvam herad sidan 19. mars 2018. 

Rådmannen er den øvste administrative leiaren for den samla kommunale administrasjonen, med dei unntak som følgjer av lov og innafor dei rammene som heradsstyret set. 

Rådmannen skal sjå til at dei sakene som vert lagt fram for folkevalde organ er forsvarleg utgreidd og at vedtak vert sett i verk. Rådmannen skal sørgja for at administrasjonen vert driven i samsvar med lover, forskrifter, overordna instruksar og reglar for intern kontroll. 

Rådmannen har møte- og talerett, personleg eller ved ein av sine underordna, i alle kommunale folkevalde organ med unntak av kontrollutvalet. 

Rådmannen har delegerte fullmakter frå heradsstyret etter gjeldande delegeringsreglement for kommunen.

Om å kontakta rådmannen

Rådmannen kan kontaktast på tlf. 56 55 30 35 og e-post anhe@kvam.kommune.no. Ha på minnet at både e-post og annan kommunikasjon (t.d. SMS) vil bli handsama i samsvar med Offentleglova. Difor må du rekna med at innhaldet i meldinga di kan bli offentleg tilgjengeleg.

Anita Hesthamar
Rådmann
E-post
Telefon 91 61 79 09
Mobil 91 61 79 09