Slik søkjer du sjølv

  1. Sjekk om du må søkja
  2. Sjekk planar og føresegner for din eigedom
  3. Få rettleiing
  4. Finn fram alt du må ha i byggesøknaden
  5. Varsla naboane dine
  6. Send inn søknad

1. Sjekk om du må søkja

Sjekk fyrst om du må søkja, om du kan søkja sjølv eller om fagfolk må søkja for deg.

2. Sjekk planar og føresegner for din eigedom

Før du bygger, river eller endrar må du sjekka kva for planar og føresegner som gjeld for eigedomen din. Planar og føresegner er avgjerande for kva du kan gjera av endringar og kva du kan bruka bygget på eigedomen din til.

Sjå: Kart som viser planar

3. Få rettleiing

Før du går i gang med eit prosjekt, kan du møta oss for å få svar på spørsmål om byggetiltaket. Du kan og prøva menypunktet rettleiarar, føringar og skjema.

4. Finn fram alt du må ha i ein byggesøknad

Skriv kva du søkjer om

Lag eit kort følgjebrev som gjer det enkelt for sakshandsamar å setja seg inn i kva du søkjer om. Søkjer du om dispensasjon, må dette særskilt grunngjevast i eit eige vedlegg til søknaden.

Teikningar og kart

  • Lag eit situasjonskart kor du har teikna inn kva du skal bygga
  • Lag målsette plan-, snitt- og fasadeteikningar
  • Lag ein teikning som viser sist godkjende situasjon.

Sjå: Krav til teikningar (DOC, 355 kB)

Utrekning av utnyttingsgrad

Kor mykje du kan bygga på eigedomen er avhengig av kva som står om utnyttingsgrad i gjeldande føresegner for eigedomen, og kor mykje som er bygd på eigedomen frå før. Skal du gjera endringar som fører til auka bygningsvolum på eigedomen, må du rekna den nye utnyggingsgraden.

For å rekna ut grad av utnytting, må du finna ut kor stor tomta er og kor mykje av tomta som er bebygd. Du kan nytta godkjende teikningar av bygget for din eigedom, eller måla opp dei bygga og konstruksjonane som skal reknast med.

Ved enkle spørsmål, kan me rettleia deg. Er det kompliserte utrekningar, så rådar me deg til å ta kontakt med fagfolk.

Sjå: Rettleiar for grad av utnytting

Manglar du parkeringsareal på eigen tomt kan du søke om samtykkje til frikjøp av parkeringsplass(ar). Ordninga kostar 30.000 kr pr biloppstillingsplass, som vert innbetalt til Kvam herad.

Ordningane gjev ikkje eksklusiv rett til ein bestemt oppstillingsplass. Den som har frikjøpsordning har same rettar og plikter som andre brukarar av offentlege parkeringsplassar.

Dispensasjon frå lov, plan eller forskrift

Er tiltaket i strid med lov, plan eller forskrift, må du søkja om dispensasjon frå lov, plan eller forskrift.

Les meir om dispensasjon. (DOC, 114 kB)

Bygg som er freda eller regulert til bevaring

Sjekk om du eig eit bygg som er freda eller regulert til bevaring. Slike bygg er som regel registrert i SEFRAK. Har du eit slik bygg, så må du ta kontakt med fylkeskonservator hjå fylkeskommunen før du søkjer.

Ny eller endra avkøyrsel

Viss du skal endra, oppretta eller endre bruken av ei avkøyrsle i samband med ei byggesak, må du senda inn ein avkøyrselplan saman med byggesøknaden. Dette gjeld ved større bruksendringar, oppføring av nybygg eller oppretting av fleire bustader. 

Lenke til vegnorm for Kvam herad.

Eventuell uttale frå andre myndigheiter

I nokre saker må du skaffa deg samtykke frå andre myndigheiter, dette kan vere nødvendig i samband med:

  • Tilknyting til vatn og avlaup
  • Oppretting eller endring i arbeidsplassar (Arbeidstilsynet)
  • Freda eigedom eller arkeologisk fornminne (Fylkeskonservator)

Eventuell tiltaksplan for graving og forureining

Når tiltaket medfører graving og det er mistanke om forureina grunn, må det gjennomførast grunnundersøkingar. Ein tiltaksplan skal sendast kommunen for godkjenning.

Sjå: Miljødirektoratet sitt kart over grunnforureining

Ved riving

  • Før du sender inn søknad om riving, må du varsla eventuelle pantehavarar eller kreditorer som har pengehefte i eigedomen
  • Er bygget kopla til straum og telefon, må du i søknaden gjera greie for fråkopling og leggja ved leverandøren sitt løyve til fråkopling.
  • Er bygget kopla til kommunalt vatn og avlaupsnett, må Kvam herad v/teknisk avd. kontaktast.

5. Varsla naboane dine

Når du har samla alle dokumenta du treng i byggesøknaden din, må du varsla naboar. Du treng ikkje varsla naboane om du skal gjera mindre arbeid som ikkje har innverknad på dei.

Kva skal nabovarselet innehalda?

Nabovarselet skal gje ei dekkande skildring av tiltaket. Du må også leggja ved:

  • eit situasjonskart kor du har teikna inn kva du skal bygga
  • snitt- og fasadeteikningar
  • grunngjeving for eventuelle dispensasjonssøknad

Slik nabovarslar du

Du kan bruka Infoland for å finna ut kven du skal varsla. 

Digitale søknadsløysingar (har også løysingar for digitalt nabovarsel)

Skjema for nabovarsel finn du på direktoratet for byggkvalitet.

Etter at varsel er sendt, skal naboane få minst 14 dagar til å uttala seg om tiltaket. Naboane skal senda sine merknader til deg.

Dokumentasjon av nabovarsel til byggesøknad

Legg ved følgjande som dokumentasjon på levert nabovarsel:

  • Ein kopi av nabovarselet
  • Ei kvittering som viser at nabo har motteke varselet
  • Eventuelle merknadar frå naboane
  • Eventuell grunngjeving for manglande varsel av naboane

6. Send inn søknad

Last ned søknadsskjemaet og send søknaden på ein e-post til: postmottak@kvam.kommune.no

Du kan også senda inn søknaden på papir til:  Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund.

NB: Alle som sender ein søknad til kommunen skal motta eit brev om at søknaden er kome fram. Dersom de ikkje får dette brevet, må de ta kontakt med kommunen og undersøke om søknaden har kome fram og ligg i sakssystemet til kommunen.

Kvam herad - Rådhuset
E-post
Telefon 56 55 30 00

Adresse: Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund

Opningstider:
Månd - fred  kl.0900-1500
Sommartid : kl.1000-1400  (gjeld vekene 25 - 33)