Tolo omsorgTolo omsorg ligg fint til mellom Hardangerfjordvegen og Toloheimen i Norheimsund.Tolo omsorg hus A og B:16 enkle bustaderDet er i hovudsak eldre med daglege hjelpebehov som bur her. Bustaden har heildøgns omsorg. Bebuarane får tenester etter behov og enkeltvedtak.Tilbodfint uteområdetaxisykkel til bruk utefrisør på Toloheimenfotpleie på Toloheimenfysioterapi etter behovhjelp til å formidla kontakt med fastlegegratis tannpleie og hjelp til bestilling av timekjøkken med felles måltid eller måltid i eigen bustadsangstund i regi av Grannehjelpatrimstund saman med personaletandakt ein gong i månaden. Prest er tilgjengeleg ved behovMåltidMiddag vert levert frå Matvarehuset. Frukost, lunsj og kveldsmat lagar me sjølv på felleskjøkken for dei som ynskjer det. Alle som bur her får servert måltid i fellesrom. Dette opplever dei fleste som positivt.Tolo omsorg har fokus på ernæring og vektlegg trivelege rammer rundt måltida. Bordet vert dekt og pynta etter årstid. Publisert 07.02.2018 11:46