I Kvam kulturskule er det mogleg å søkje om inntektsgradert elevbetaling. Inntektsgradert betaling kan gjevast etter søknad frå føresette med redusert betalingsevne. Retningslinjene finn du her:
Grunnbeløpsatsane i trygdesystemet vert nytta som grense i høve rett til reduksjon.
Inntektsgradert elevbetaling kan gjevast etter søknad frå føresette med låg betalingsevne.
Kvam kulturskule har to satsar:
- Hushaldningar med årleg bruttoinntekt under 2G (grunnbeløp ) blir gjeve 100 % reduksjon.
- Hushaldningar med årleg bruttoinntekt under 3G (grunnbeløp ) blir gjeve 50 % moderasjon.
- Hushaldningar som kjem inn under denne ordninga er: ektepar/sambuarar, forsytarar med delt omsorg og einslege forsytarar som ikkje har krav på stønad til barnetilsyn.
- Den samla inntekta til er utgangspunktet for eventuell inntektsgradert elevbetaling.
Inntekt er: Bruttoløn, kontantstøtte, pensjon, trygdeytingar (unnateke barnetrygd, grunn- og hjelpestønad), inntekt på eiga verksemd, omsorgsløn, barnebidrag, bustøtte, stipend, studielån, sosialhjelp, renter og anna finansinntekt. - Stadfesting og dokumentasjon må leggjast ved søknaden. Inntektsdokumentasjon skal ikkje vera eldre enn ein månad.
- Inntektsgradert elevbetaling trer i kraft semesteret etter at søknad med fullstendig dokumentasjon er motteken. Søknaden har ikkje tilbakeverkande kraft.
- Moderasjonen varer for 1 år, dersom det ikkje er endringar i grunnlaget for utrekninga. Etter 1 år må det søkjast på nytt med ny dokumentasjon.
- Alle hushaldningar som får endra sin økonomiske situasjon eller sivile status, pliktar å opplyse om dette.
- Vedtak om betalingsreduksjon er enkeltvedtak og kan klagast på, i tråd med forvaltningslova.
Søknad om redusert elevbetaling, inkl. vedlegg, sendast digitalt til Kvam herad v/Kulturskulen via eDialog.
Sist endra 19.11.2024 13:16