SMS- og telefonvarsling

Bilde telefon med varsel frå Kvam herad, hald av ei tredukkehand - Klikk for stort bilete

 

Føremål

  • Kvam herad ynskjer å kunne varsla deg ved hendingar eller arbeid som fører til stenging av vegar eller vass- og avlaupsleidningar.
  • Me ynskjer å nå flest mogleg og nyttar derfor SMS- og telefonvarsling.
  • Kommunen kan nytte varslingstenesta  i samband med ei beredskapshending eller varsling av uvær

 


Kommunen nyttar Varsling24 for å varsla husstandar og bedrifter i eit geografisk område om hendingar via SMS og e-post

Varsling24 varslar via SMS, e-post, og talemelding til fasttelefon. Meldinga vert senddt som SMS til mobiltelefon og e-post til alle innbyggjarar over 16 år i ein husstand og alle kontaktpersonar i ei bedrift.

Alle einingar i eit burettslag/sameige blir også varsla. Føresetnaden er at bebuarane er oppført i Folkeregisteret med riktig adresse og at de har kontaktinformasjon i Kontaktregisteret.

 

Når sender kommunen ut informasjon via Varsling24?

Kommunen informerer innbyggjarar digitalt ved hendingar der dette er hensiktsmessig. Det kan vere ved koking av vatn, vatnavstenging, stengte vegar, evakuering, vaksinasjon, andre generelle servicemeldingar eller hendingar som krev rask informasjon til alle innbyggjarar.

Korleis finn me deg?

Varsling24 nyttar ulike register for å identifisera og innhente kontaktinformasjon for innbyggjarar i ein husstand og kontaktpersonar i ei bedrift.

Privatpersonar

Informasjon om privatpersonar vert henta frå Folkeregisteret til Skattedirektoratet. Kontaktinformasjon blir henta frå det nasjonale Kontakt- og reservasjonsregisteret til Digitaliseringsdirektoratet.

Me rådar deg å legge inn ditt mobiltelefonnummer og e-postadresse i dette kontaktregisteret. Dei fleste henvendingar frå det offentlege vil henta kontaktinformasjon her i frå, til dømes angående sjølvmeldinga.

Oppdater kontaktinfo for personar

Bedrifter

Informasjon om bedrifter vert henta frå Enhetsregisteret i Brønnøysund. Ved varsling av bedrifter nyttar ein bedrifta si forretningsadresse. Kontaktdata for bedrifter blir henta frå varslingsadressene som bedrifta sjølv oppgir i Altinn-portalen.

Oppdatering av kontaktinfo for bedrifter

Merk: Bedrifter med fleire adresser bør registrera alle kontoradressene som underenhet i Enhetsregisteret i Brønnøysund for å bli varsla på riktig adresse ved ei utsending frå kommunen.
For meir informasjon, sjå brreg.no/bedrift/virksomhet

Tilleggsregisteret

Tilleggsregister kan nyttast av både privatpersonar og bedrifter som ønskjer å motta varsel på ein anna adresse enn den adressa som er oppført i det offenlege registeret.

Registrering av tilleggsoppføring

Matrikkel

Ved varsling av heimelshavar, dvs. eigar av eigendom, vert informasjon innhenta frå det nasjonale eigendomsregisteret «Matrikkel». Alle heimelshavarar for ein eigendom blir då varsla. Dersom eigendommen har festehavarar, er det festar som blir varsla. Kontaktinformasjon vert innhenta frå dei samme kontaktregisterene som ved varsling av husstand og bedrift.

Ved varsling av fritidseigendommar vil Varsling24 senda melding til heimelshavar/festar av fritidseigendommar med følgjande bustadkodar i Matrikkel:

161 – Fritidsbygning (hytter, sommerhus o.l.)
162 – Helårsbolig benyttet som fritidsbolig
163 – Våningshus benyttet som fritidsbolig
171 – Seterhus, sel, rorbu o.l.
172 – Skogs- og utmarkskoie, gamme

Har du ikkje blitt varsla?

Er mitt mobilnummer registrert?

Me sender varsling til alle innbyggjarar som er registrert med bustedsadresse i Folkeregisteret og hentar kontaktopplysingar frå Kontaktregisteret.

Sjekk at din informasjon er korrekt i registeret:

  1. Er du folkeregistrert på di adresse? skatteetaten.no/person/folkeregister
  2. Har du oppdatert din kontaktinformasjon? norge.no/oppdater-kontaktinformasjon

Bedrifter må sjekka at informasjon er korrekt i registerene:

  1. Enhetsregisteret: Bruk evt samordna registermelding for å endre adresseinformasjon
  2. Sjå informasjon etter innlogging på Altinn portalen: altinn.no

Kva kan du gjere?
Har du feil opplysingar er det ditt ansvar å oppdatere registerene. Varsling24 har ingen tilgang til å gjere oppdateringar på vegne av privatperson eller bedrift.

Eg har hemmeleg nummer. Blir eg varsla?
Varsling24 sender ikkje melding til innbyggarar som har såkalt «hemmeleg nummer». Dersom du likevel ønskjer å få varsel frå din kommune, må du registera ei tilleggsoppføring på varslemeg.no . Her kan du kryssa av for “hemmeleg nummer” for å skjula informasjon frå varslingsloggen i Varsling24.

Har du behov for tilleggsoppføringar?

Det kan være fleire grunnar til å registrera ei oppføring i Tilleggsregisteret

Har di bedrift behov for varsling til andre telefonar enn dei som står oppført i dei offisielle registerene?
Er du pårørande og har du eldre foreldre som ikkje har oppføring i Kontaktregisteret?
Bur du på ei anna adresse enn den som står i Folkeregisteret?

Du finn meir informasjon om Tilleggregisteret på varslemeg.no

For privatpersonar

  • Gå til varslemeg.no
  • Under “Tilleggsoppføring” klikker du “Legg til ditt telefonnummer”
  • Følg instruksjonane som blir gitt der
  • Legg til ny oppføring. Velg privat, oppgi adresse og kontaktinformasjon

For bedrifter

  • Gå til varslemeg.no
  • Under “Tilleggsoppføring” klikker du “Legg til ditt telefonnummer”
  • Følg instruksjonene som blir gitt der
  • Legg til ny oppføring. Velg bedrift, oppgi adresse og kontaktinformasjon

Spesielt for sårbare verksemder
For sårbare verksemder, dvs bedrifter som er avhengig av vatn og vatnkvalitet, for å driva si verksemd. Døme på denne type verksemd:

  • Sjukehus og medisinske sentre
  • Alders- og sjukeheim
  • Legar og tannlegar
  • Barnehagar og skular
  • Næringsmiddelprodusentar
  • Restaurantar og kaféar

Her må du velge ei «gruppe». Dette vil sikra at du blir prioritert mottakar ved utsending av varsling frå kommunen. Mao. du vil være blant dei første som mottar melding ved ei hending.

Merk: Du er sjølv ansvarleg for dei opplysingar som vert registrert i Tilleggsregisteret. Om du eller di bedrift flyttar er det ditt ansvar å oppdatere Tilleggregisteret. Dersom du flyttar til ein annan kommune, hugs å sjekke om din nye bustadskommune nyttar Varsling24.

Om du byttar e-postadresse eller får nytt mobilnummer er det også ditt ansvar å oppdatere Tilleggregisteret.

_____________

Kontakt oss

Ta kontakt med aktuell teneste under Teknisk eining dersom du har spørsmål knytt til kommunen sine varslingstenester.