Trygt og godt barnehagemiljø

Barnehagen vert styrt av barnehagelova. 01.01.21 kom, Kap. 8 Psykososialt barnehagemiljø, inn som ei endring i barnehagelova, med formål om å sikre alle barn rett til trygt og godt barnehagemiljø.

Kap. 8 Psykososialt barnehagemiljø skal sørge for at alle barn får ein trygg og god barnehagekvardag. Barnehagen skal ha nulltoleranse mot mobbing. Alle som jobbar i barnehagen har ei plikt til å følge med og gripe inn. Dersom ein tilsett veit om, eller trur at eit barn vert krenka, mobba, plaga, eller på andre måtar ikkje har det bra, skal han eller ho alltid:

  • Gripa inn og stoppa krenkinga med ein gong
  • Sei ifrå til styrar i barnehagen
  • Undersøka kva som har skjedd
  • Setje inn tiltak, og laga aktivitetsplan for å sørga for at barnet får eit trygt og godt barnehagemiljø