Elektronisk registreringsskjema for folkevalde og samtykke til å ta i mot val/ verv i perioden 2023-2027

For å letta arbeidet med innhenting av naudsynte opplysningar om deg som folkevald og samtykke frå deg om at du tar på deg verv i valperioden , så er det laga til eit elektronisk skjema som du kan bruka. 

For å kunna registrera deg i lønnssystemet vårt (Visma Expense), gi deg kommunal e-postadresse , tilgang til politikarportalen og få deg registrert i Websak (arkivsystemet til Kvam herad) så treng Kvam herad litt opplysningar om deg.

Det skal også veljast representantar til ulike utval, råd og verv i løpet av valperioden 2023- 2027. Det er difor fint om du også hakar av for at du tar på deg kommunale verv som du blir spurd om og takkar ja til munnleg i løpet av valperioden din. Då slepp Kvam herad å henta dette inn skriftleg ved kvart høve.

Når du loggar deg på det digitale skjemaet ved hjelp av ID-porten (Min ID, Bank ID på mobil, Bank ID på kodebrikke m.fl.) er det ein del opplysningar som blir automatisk utfylt. Dette er:

  • Fullt namn
  • Fødselsnummer
  • Di folkeregistrerte adresse. Kontroller likevel om denne stemmer.

Desse opplysningane må du sjølv passa på å fylla ut:  

  • Telefonnummeret ditt
  • E-postadressa di (privat adresse)
  • Kontonummer for utbetaling av godtgjersle og eventuell tapt arbeidsforteneste
  • Kryss av for at du takkar i mot verv som du blir spurd om i løpet av valperioden 2023- 2027. (Du må i tillegg sjølvsagt takka Ja munnleg)

Du finn lenkja til det elektroniske skjemaet ved å gå inn her: Lenkje til elektronisk skjema