Tolomarka omsorg

Eit butilbod for menneske med utviklingshemming.

Tolomarka er eit forsterka bufellesskap for vaksne med utviklingshemming. Bufellesskapet er lokalisert i tidlegare Tolomarka barnehage. Her har ein etablert tre skjerma omsorgsbustader med romslege uteområder. Bebuarane får tenester etter behov og enkeltvedtak.

 

Tilbod:

*målretta miljøarbeid og struktur av døgnet

* tilpassa aktivitetar, utdanning eller arbeid

* individuell hjelp etter behov

Avlastning for barn og unge med funksjonshemming:

Avlastning i institusjon skjer ved Tolomarka omsorg og avlastning. Den nye avlastninga opna sommaren 2021 i tilknytning til bufellesskapet i Tolomarka. Omfang og innhald på tilbodet vert vurdert individuelt i kvar enkelt søknad.