Kreftkoordinatoren i Kvam

Kreftkoordinator er eit lågterskeltilbod til personar, familiar og pårørande som er råka av kreft og som treng råd og støtte gjennom ei vanskeleg tid.

Illutstrasjonsbilde av stemorsblom - Klikk for stort bilete

 

Kreftkoordinatoren skal

  • kunna vera ein samtalepartnar
  • vera synleg og tilgjengeleg for alle kreftråka i heradet
  • ha oversikt over tilboda heradet har for kreftråka og pårørande
  • rettleiia pasientar, pårørande og helsepersonell
  • syta for trygg og heilskapleg omsorg  
  • arbeida tverrfagleg, samarbeida med heimetenesta, fysio/ergo-tenesta, hjelpemiddellager, fastlegar og andre fagpersonar
  • fylgja opp pakkeforløp «Hjem for kreftramma»
  • koordinera og støtta siste fase av livet, både i heimen og i heildøgerstilbod

I Kvam møter de kreftsjukepleriar Marit Lid Marøy.  Marit har kontor på Toloheimen, men kjem oftast på heimebesøk. 

Kontakt

Ein treng ikkje tilvising til kreftkoordinator. De kan ta kontakt direkte. 

Sjukehus og fastlege kan òg hjelpe til med å setja dykk i kontakt med kreftkoordinator. Pårørande og andre kan òg ta kontakt for ein uforpliktande prat. 

Tilbodet er gratis. 

Marit Lid Marøy  - Klikk for stort bilete

 

Kreftkoordinator Marit Lid Marøy

Tlf. 906 79 853

E-post: marmar@kvam.herad.no

Besøksadresse:

Marit har kontordag tysdag og onsdag.

Toloheimen
Nedre Norheim 44
5600 Norheimsund