Ressursgruppe for lindrande behandling

Kvam Herad har ei tverrfagleg ressursgruppe beståande av lege, sjukepleiar og fysioterapeut. Ved å ta kontakt med ressursgruppa kan ein få hjelp til kartlegging av situasjonen, og ein får ein kontaktperson (ressurssjukepleiar) som ein kan ta kontakt med ved spørmål.

   

Gruppa tilbyr:

  • heimebesøk med samtale
  • kartlegging og oppfølging
  • koordinering av tenestetilbodet til pasientar med trong for lindrande behandling
  • samarbeid med fastlege og spesialisthelseteneste
  • råd og rettleiing til hjelp mot plagsame symptom
  • hjelp til å skaffa naudsynte hjelpemiddel
  • informasjon om pasienten og pårørande sine rettar

Ved alvorleg sjukdom skal de ikkje måtte håndtere alt åleine. Det er uforpliktande og gratis å ta kontakt med ressursgruppa. De treng heller ikkje ha nokon konkrete spørsmål.

Ressurssgruppa består av:

  • Marit Lid Marøy - kreftkoordinator
  • Elisabeth Svåsand, ressurssjukepleiar i Strandebarm
  • Jofrid Lid Utne, ressurssjukepleiar i Norheimsund
  • Turid Froestad, ressurssjukepleiar i Øystese
  • Gunnbjørg Håland, fysioterapeut

Ved spørsmål:ta kontakt med kreftkoordinator Marit Lid Marøy på e-post marmar@kvam.kommune.no eller tlf. 90679853, eventuelt med Kvam Rehabiliterings- og behandlingsavdeling ved Anne Lise Neteland på tlf. 48154123.

Marit Lid Marøy
Spesialsjukepleiar

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.