Serveringsløyve

Du må søkja om serveringsløyve for å driva serveringsverksemd som t.d. kafè, restaurant og pub. Serveringsløyve vert gjeve etter delegert vedtak, det er med andre ord ikkje naudsynt med politisk handsaming.

Dagleg leiar for verksemda må ha bestått etablererprøva som kravd i Serveringslova før serveringsløyvet vert gjeve. Serveringsplassen må også ha godkjenning frå Mattilsynet. Lokalet det vert søkt om løyve for, må vera regulert til føremålet.

Sjå prøver og kurs for meir informasjon om etablerarprøven. 

Det finst eit eige skjema for serveringsløyve, men om du også søkjer om skjenkeløyve kan du nytta eit felles søknadsskjema for serverings- og skjenkeløyve.

Nils Anders Bolstad
Kontrollør
E-post
Telefon 99 52 51 20
Mobil 99 52 51 20