Fleksibel avlasting for pårørande til heimebuande personar med demens:

Me søkte om støtte til eit prosjekt knytt til avlasting til pårørande for heimebuande personar med demens hjå Statsforvaltaren i 2024, og fekk litt støtte til å starte opp eit slikt prosjekt. Me skal i prosjektet i denne fasen kartleggja behovet til pårørande for fleksibel avlasting og høvet Kvam herad har for å tilby dette. Avlasting bør tilpassast individuelle behov og sjukdomsutvikling, slik at pårørande får støtte til å halda sine nære heime lengst mogleg.

Kartlegginga kjem til å gjeva grunnlag for å vurdera nye løysingar i tråd med Demensplan 2025 og planen «Eit godt liv der me bur» frå Kvam herad, inkludert mogleg betre samarbeid med frivillige. Med fleire eldre og færre yrkesaktive må me finne berekraftige ordningar som sikrar støtte til pårørande og tryggleik for personar med demens.

I fyrste fase skal me kartleggja behovet pårørande har for eit meir fleksibelt avlastingstilbod. Med fleksibel avlasting meiner me tilbod som er tilpassa dei konkrete behova til den einskilde.

Kartlegginga vert gjennomført gjennom:

  • Prosjektgruppa, som inkluderer representantar frå heimetenesta, avlastingstilbod, dagaktivitetstilbod, frivilligsentralen, hukommelsesteamet og pårørande til personar med demens.
  • Deltaking på pårørandekafé arrangert av Demensforeininga.
  • Spørjeundersøking retta mot pårørande og andre som står nær heimebuande personar med demens.

 

Spørjeundersøkinga er aktiv no. Trykk deg inn på lenken under.

Til spørjeundersøkinga

Mål

Me skal kartleggja både behov for avlasting hjå dei pårørande og høve Kvam herad har for å tilby fleksible avlastingstilbod.

Målgruppe

Pårørande til heimebuande personar med demens.

Strategi

  • Kartleggja behovet for fleksible avlastingstilbod mellom pårørande.
  • Vurdera kva fleksible avlastingstilbod som er realistiske å tilby i Kvam.
  • Identifisera potensielle samarbeidspartar og korleis dei kan bidra til å utvikla tilbodet.
Linn Therese Fjellro
Prosejktleiar
E-post
Telefon 99 08 19 66