Kontrollutvalet

Kontrollutvalet fører tilsyn med den kommunale forvaltinga på kommunestyret sine vegner.

Heradsstyret vel representantar til kontrollutvalet. Utvalet har fem medlemer og minst ein av desse må vera medlem i heradsstyret. Leiar i utvalet kan ikkje vera medlem av same parti eller tilhøyra same gruppe som ordførar. Medlemene og varamedlemene kan ikkje vera representerte i andre politiske utval. 

Utvalet er heimla i kommunelova, kapittel 23, og i forskrift om kontrollutval og revisjon, kapittel 1. Det har normalt fem ordinære møter i året. Møta er opne for publikum. Sakspapira og møteprotokollar frå møta finn du som eigen knapp på denne sida, det same gjeld for møteplanen til kontrollutvalet.

Kontrollutvalet har følgjande faste medlemer:

  • Trygve Vik, utvalsleiar (Kvam senterpartiet)
  • Borghild Storaas Ones, nestleiar (Kvam Arbeidarparti)
  • Jan Ove Fredheim (Framstegspartiet)
  • Bjarte Helland (Industri- og næringspartiet)
  • Beate Gauden (Miljøpartiet dei grøne)

Følgjande er varamedlemer til kontrollutvalet:
Frank Jakobsen (Frp), Lisbeth Hanne Fredheim Oma (Krf), Michael Iversen (Ap), Sarifa Moola Nernæs (R), Oddbjørn Vestbøstad (Sv).

E-post til medlemene i kontrollutvalet kan sendast til utvalsleiar, Trygve Vik: trygvi@kvam.kommune.no med kopi til Roald Breistein, sekretariat for Kvam kontrollutval: Roald.Breistein@vlfk.no  

Oppgåver

Kontrollutvalet skal føra tilsyn med den kommunale forvaltninga på heradsstyret sine vegner. Kontrollutvalet har som hovudføremål å medverka til ei ålmenn tillit i befolkninga, i høve best mogleg løysing av kommunale oppgåver. Vidare skal utvalet medverka til at den kommunale oppgåveløysinga er i samsvar med gjeldande lover, forskrifter og politiske vedtak. 

Til hjelp i dette arbeidet får kontrollutvalet utført rekneskapsrevisjon, forvaltningsrevisjon av verksemda i heradet og av verksemda i selskap heradet har eigarinteresser i, eigarskapskontroll av selskap heradet har eigarinteresser i og andre kontroll og tilsynsoppgåver ved bestillingar til den valde revisoren. 

Utvalet skal også sjå til at heradet har ei forsvarleg revisjonsordning. Sekretariatetsfunksjon for kontrollutvalet kan ikkje leggjast til heradsadministrasjonen, eller til revisjonen. 

Kontrollutvalet rapporterer resultatet av sitt arbeid til heradsstyret. 

Det er laga eit eige reglement for kontrollutvalet i Kvam herad, som du kan finna ved å klikka denne lenkja.  (PDF, 328 kB)

Kontakt med kontrollutvalet

Som innbyggjar i heradet kan du ta kontakt med kontrollutvalet dersom du har generelle innspel eller tips om meir konkrete og moglege kritikkverdige forhold som tema og områder for kontroll eller revisjon.

Det vert likevel gjort merksam på at det i hovudsak er utanfor kontrollutvalet sitt mandat og reglement å behandla innspel som m.a. gjeld enkeltsaker, klagesaker, saker som er til behandling i rettsapparatet, usemje i politiske vedtak eller varsel etter Arbeidsmiljølova kap. 2a.

Me gjer deg også merksam på at kontrollutvalet berre har plikt til å behandla dei saker som heradsstyret ber dei om, eller der det går fram av kommunelova kapittel 23 og 24. Når det gjeld innspel som kjem frå andre enn heradsstyret, må kontrollutvalet sjølve vurdera om dei vil prioritera å sjå nærare på det.

Me gjer også merksam på at kontrollutvalet ikkje er eit forvaltningsorgan som fattar enkeltvedtak etter forvaltningslova § 2. Personar som tar kontakt med kontrollutvalet er ikkje å rekne som part i ei eventuell påfølgjande kontrollsak. Det vil derfor ikkje vera klagerett på vedtak gjort av kontrollutvalet, eller andre partsrettar etter forvaltningslova § 28 knytt til vedtak gjort av utvalet.

Vald revisor

Kvam herad har inngått avtale med Deloitte AS om kjøp av revisjonstenester. Revisjonstenestene omfatta rekneskapsrevisjon, forvaltningsrevisjon, eigarskapskontroll i selskap heradet har eigarinteresser i, og andre kontroll- og tilsynsoppgåver i regi av kontrollutvalet.

Sekretariatet for kontrollutvalet

Kvam herad kjøper sekretariatstenester for kontrollutvalet hjå Sekretariatet for kontrollutvalet i Vestland fylkeskommune. 

Sekretariatstenestene omfattar mellom anna saksførebuing for kontrollutvalet, møteinnkalling og saksoppfølging etter møter. Døme: føring av møteprotokoll og iverksjetjing av vedtak. Sekretariatsfunksjonen er direkte underlagt kontrollutvalet. Sekretariatet plikta å følgja utvalet sine retningsliner og pålegg.

Nyttige lenkjer: