MinGat

Leiter du etter MinGat? 

Adressa til MinGat er: mingat.kvam.no

Noter eller bokmerk denne adressa, så slepp du å leita etter ho igjen.

Google Chrome

Legg til bokmerke

  1. Åpne Chrome på datamaskina
  2. Gå til nettstaden du vil besøka igjen i framtida, altså mingat.kvam.no.
  3. Klikk på stjerna til høgre for adressefeltet

Finn bokmerker

  1. Åpne Chrome på datamaskina.
  2. Klikk på meir-knappen (tre prikkar under kvarandre) heilt til høgre på adresselina, og på Bokmerker på menyen som kjem opp.
  3. Finn og klikk på eit bokmerke.

Mozilla Firefox

Legg til bokmerke

  1. Åpne Firefox på datamaskina
  2. Gå til nettstaden du vil besøka igjen i framtida, altså mingat.kvam.no.
  3. Klikk på stjerna til høgre for adressefeltet. Du får då opp eit vindu der du kan namngje bokmerket ditt.

Finn bokmerker

Bokmerke i Firefox er å finna i programmet sin sidemeny, markert med raudt under. For meir informasjon om denne, sjå Firefox sine eigne hjelpesider.
Klikk for stort bilete

 

 


Edge

Legg til bokmerke

  1. Åpne Edge på datamaskina
  2. Gå til nettstaden du vil besøka igjen i framtida, altså mingat.kvam.no.
  3. Klikk på stjerna til høgre for adressefeltet. Du får då opp eit vindu der du kan namngje bokmerket ditt.

Finn bokmerke

Favorittar (bokmerke) i Edge finn du ved å trykka på dei tre punktuma til høgre for adressefeltet, heilt ute på høgrekanten.