Avlastning for barn og unge med funksjonshemming

Avlastning er ei teneste som skal gje foreldre nødvendig og regelmessig fritid og ferie, og gje høve til å oppretthalda gode tilhøve til familie og andre.

Kva tilbyr me?

Du kan få tilbod om tenesta Avlastningsheim eller Avlastning i institusjon (avlastningsbustad).

Tilbod i Avlastningsheim: ei helg i månaden frå klokka 17.00 til søndag klokka 17.00.
Avlastningsheimen frå regelmessig rettleiing frå sakshandsamar. Godtgjersle til avlastningsheim og dekking av deira utgifter vert gjeve frå heradet etter gjeldande retningsliner.

Tilbod i Avlastningsbustad: Avlastning i institusjon skjer ved Tolomarka omsorg og avlastning. Den nye avlastninga opna sommaren 2021 i tilknytning til bufellesskapet i Tolomarka. Omfang og innhald på tilbodet vert vurdert individuelt i kvar enkelt søknad.

Dersom du har ei særs krevjande omsorgsoppgave, kan det gjevast avlastning oftare.

Kven kan få tilbodet?

Foreldre som har særleg tyngjande omsorgsansvar for barn eller ungdom med særskilde vanskar.

Kva kostar det?

Tenesta er gratis.

Slik søkjer du

Du brukar skjema for helse- og omsorgstenester . (PDF, 165 kB) 

For meir informasjon om søknad sjå her.

Lovar og reglar

Pasient og brukarrettighetslova § 2-1 a

Helse- og omsorgstenestelova § 3-2 nr 6 c

Forvaltningslova

Klage

For meir informasjon sjå her.

Tenestekontor Helse og omsorg
Telefon 56 55 30 00

Adresse: Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund
Opningstider: kl 09:00 - 14:30, måndag til fredag

Leiar Tenestekontor Helse og omsorg
Jorunn Selsvik
Telefon: 920 21 980
E-post: jorsel@kvam.kommune.no

Sakshandsamar
Sara Marie Klyve
Telefon: 904 06 621
E-post: sarkly@kvam.kommune.no