Aktivitetstilbod

Kva tilbyr me?

Rus og psykisk helseteneste har eit aktivitetstilbod på Holmsund. Det er to aktivitetsleiarar som driv tilbodet. Holmsund held til i eit eldre hus ved Vallandsholmane. Det er både naust og eldhus knytt til huset.

Holmsund er eit aktivitetstilbod til personar som av ulike årsakar ikkje kan vera i vanleg arbeid, og/eller nytta seg av kulturtilbodet som finst i Kvam. Det kan vera personar med til dømes ulike psykiske vanskar.

Sosial trening og samvær er ein viktig del av tilbodet. Holmsund skal vera ein stad der kvar enkelt kan kjenna seg trygg og inkludert. Tilbodet er ope tysdag og fredag frå kl 11.00 til 15.00, samt torsdagar i oddetalsveker.

Fysisk aktivitet og gode opplevingar ute er vektlagt. Det vert alltid servert eit måltid i løpet av dagen.

Kva kostar det?

Tilbodet er gratis.

Slik søkjer du

Leiar for avdeling rus og psykisk helse tildeler plass.

Leiar avdeling rus og psykisk helse

Tove Pedersen
Adresse:
Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund
Telefon: 950 42 898
E-post: tovped@kvam.kommune.no