UngData: Ungdomen no til dags

Klikk for stort bileteResultata frå UngData-undersøkinga er no klåre. Her kan du lesa meir om korleis born og unge i Kvam har det.

 

Undersøkinga er gjennomført i tre ulike aldersgrupper, og den yngste av desse er 5. – 7. klassingar. Dei fleste av desse svarer at dei trivst på skulen, 56 prosent er heilt samde, og 33 prosent litt samde. 97 prosent svarer også at dei alltid eller som regel har nokon å vera saman med i friminutta, og 95 prosent opplever å vera «veldig trygg» eller «ganske trygg» på skulen.

Samstundes er det fire prosent som opplever å bli stengt ute, plaga eller truga av andre born oftare enn ein gong i veka, ytterlegare fire prosent som seier at det skjer om lag ein gong i veka, to prosent som seier at det skjer om lag kvar fjortande dag og ti prosent som seier at det skjer om lag ein gong i månaden. Desse tala gjeld både på skulen og i fritida.

Statistikken røper også at ein del av desse opplevingane skjer via nettet eller på mobil. 13 prosent seier at dei har opplevd å ha blitt truga på mobil eller på nett, 27 prosent seier at nokon har skrive sårande ting om eller til dei via desse kanalane og 7 prosent at nokon har lagt ut sårande bilete eller videoar av dei.

For ei oversikt over fleire resultat frå denne yngste aldersgruppa, kan du lasta ned ein samanfattande PDF (PDF, 4 MB), eller den samla svaroversikten (PDF, 3 MB)svar per klassetrinn (PDF, 2 MB) og svar per kjøn (PDF, 2 MB)

Kor mykje tid bruker borna framfor skjermen?

Både dataspel og annan skjermbruk er eit tema som opptek mange foreldre, og tala for 5-7 trinn syner at berre 7% oppgjev å bruka mindre enn ein time dagleg på skjermaktivitetar, når ein ser bort frå skuletida. Her er det nokre kjønsforskjellar: blant gutane er det 5% som nyttar mindre enn ein time, blant jentene 9%. Undersøkinga syner også at 51% av gutane bruker meir enn to timar dagleg på å dataspel eller tv-spel (konsoll), medan berre 16% av jentene gjer det same.

Lat oss sjå på den same statistikken for ungdomstrinnet. Her er det berre to prosent av ungdomen i Kvam som seier at dei har mindre enn ein time skjermtid, medan 31 prosent seier at dei bruker 3-4 timar bak skjermen, 34 prosent seier at dei bruker 4-6 timar og 17 prosent seier at dei bruker meir enn seks timar.

Når det gjeld den samla tidsbruken på skjermaktivitetar er kjønsforskjellane små, men også på ungdomsskulen bruker gutane meir tid på spel, medan jentene bruker meir tid på sosiale media.Klikk for stort bilete   

Også for ungdomstrinnet er ein samanfattande PDF (PDF, 8 MB)  tilgjengeleg, der du kan lesa meir om resultata innanfor ulike område. I tillegg finst ein samla svaroversikt (PDF, 5 MB)ein trendrapport (PDF, 3 MB), og statistikkar etter kjøn (PDF, 5 MB) og klassetrinn (PDF, 6 MB).

Jenter har fleire psykiske helseplager

Her let det seg ikkje gjera å gå inn på alle tala, men to område er verdt å løfta fram. Det eine er psykisk helse, der det er ein markant forskjell på kor mange gutar og kor mange jenter som rapporterer å ha hatt ulike plager (t.d. å ha kjent seg ulukkeleg, trist eller deprimert, kjent at alt er eit slit eller hatt problem med å få sova) i løpet av den siste veka. Medan 6 prosent av gutane fortel om slike plager, gjer heile 24 prosent av jentene det same.

1 av 3 på 10 trinn har vore rusa på alkohol

Bruk av rusmiddel hjå ungdomen er eit tema både foreldre og folkevalde er opptekne av, og gjerne uroa for. Her skjer det ei klår utvikling i løpet av ungdomsskulen: både på 8. og 9. trinn seier dei aller fleste at dei aldri eller berre få gongar har smakt alkohol. På 10. trinn synk dette talet til 61% for gutane og 59% for jentene. 36% av ungdomane i 10. trinn seier at dei har vore rusa på alkohol i løpet av det  siste året.

Klikk for stort bileteDette rimer også ganske godt med resultata frå vidaregåande skule. Der seier 39% at dei ikkje har drukke alkohol, 19% at at dei var 16 fyrste gongen dei gjorde det, 19% at dei var 15, 9% at dei var fjorten og 7% at dei var yngre enn dette.

Også omfanget av snusing og røyking aukar på i løpet av ungdomsskulen. 14 prosent av gutane og 10 prosent av jentene på 10. trinn seier at dei snusar kvar veke eller kvar dag. Når det gjeld illegale rusmiddel seier 4 prosent av elevane på 10. trinn at dei har nytta hasj eller marihuana i løpet av det siste året, og 15 prosent at dei har fått tilbod om dette.

Seksualitet og overgrep

Vidaregåande skule-elevane har også vorte spurt om dei har debutert seksuelt, og om når dette skjedde. 48 prosent seier at dei har debutert seksuelt, og dei fleste av desse gjorde det då dei var 15 eller 16.

Blant jentene på vidaregåande skule er det elles 20 prosent av jentene som gjev opp at dei har vorte befølt mot si vilje i løpet av dei siste tolv månadane, og 8 prosent som fortel at dei har vorte pressa eller tvungne til samleie eller andre seksuelle handlingar. Dei tilsvarande tala blant gutar er høvesvis 8 prosent og 1 prosent.

28 prosent av jentene og 15 prosent av gutane på vidaregåande oppgjev elles å ha sendt nakenbilete av seg sjølv til nokon i løpet av dei siste 12 månadane, medan 46 prosent av jentene og 39 av gutane oppgjev å ha fått slike bilete. Av dei som har fått slike bilete opplevde 51 prosent av jentene og 13 prosent av gutane at det ikkje var ok.

Resultata frå vidaregåande skule er tilgjengelege i form av ein samla oversikt (PDF, 5 MB), etter klassetrinn (PDF, 5 MB) og etter kjøn (PDF, 5 MB)

Ungdata er lokale barn- og ungdomsundersøkingar der skuleelevar over heile landet svarer på spørsmål om korleis dei har det, kva dei driv med på fritida, med meir. Undersøkingane er tilpassa born og unge på mellomtrinnet (5. - 7. trinn), ungdomstrinnet og i vidaregåande opplæring. For tal frå førre UngData-undersøking, klikk her.