Barnehagemyndet: Tilsyn og godkjenning

Som lokalt Barnehagemynde skal kommunen gje rettleiing og sjå til at heile barnehagesektoren i Kvam vert dreven i samsvar med gjeldande regelverk (jamfør barnehagelova § 10). Lova pålegg kommunen å føre tilsyn med barnehagane (jamfør barnehagelova §  53 om kommunen sitt tilsyn med barnehagane) og kommunen kan påleggje barnehagane å rette uforsvarlege eller ulovlege forhold. 

Tilsyn i barnehagen 

Kommunen fører tilsyn med offentlege og private barnehagar og kan påleggja dei å retta opp uforsvarlege eller ulovlege forhold. Målet er å sikre at barnehagane følgjer lover og forskrifter, og at barna får eit tilbod med god kvalitet. Barnehageeigar er ansvarleg for å oppfylle krava i regelverket. 

Plan for systematisk tilsyn i barnehagane 

Oppvekstsjef og barnehagefagleg rådgjevar er barnehagemynde og fører tilsyn med barnehagane i Kvam herad. Kommunen sitt tilsyn med barnehagane er ei kontinuerleg oppgåve. Barnehagelova har en uspesifisert tilsynsheimel. Det tyder at me skal føra tilsyn med verksemder etter heile barnehagelovas verkeområde. Barnehagefagleg ansvarleg skal sørgje for å ha oppdatert informasjon som gjev indikasjoner på at drifta er forsvarleg, og i tråd med lovverket. Gjennom ulike former for tilsynsaktivitetar skal kommunen og sjå til at barnehagane i kommunen vert drive i tråd med lover og forskrifter. 

Kvam herad har utarbeidet en plan for systematisk tilsyn med barnehagene. Planen gjev eit innsyn i tilsynsmynde si rolle og dei ulike tilsynsmetodane. Ifølgje barnehagelova § 53 om kommunen sitt tilsyn med barnehagane, fjerde ledd, skal barnehagen utan hinder av teieplikta leggja fram alle opplysningar som kommunen treng for å føra tilsyn. Vidare skal barnehagen gje kommunen tilgang til barnehagen sine lokale.  

Me skil mellom stadlege tilsyn og dokumentbaserte tilsyn. Stadleg tilsyn er i utgangspunktet varsla på førehand, slik at barnehagen får moglegheit til å førebu seg. Kommunen har og anledning til å gjennomføra uanmeldte stadlege tilsyn. Uanmeldte tilsyn vert nytta i tilfelle der det er usikkert om tilsynsmynde vil avdekkja alle forhold som kan vera uforsvarlege eller ulovlege ved eit meldt tilsyn. 

Det er formelle rutinar for førebuing, gjennomføring, og tilbakemelding etter tilsyn.  Barnehageeigar får skriftleg varsel om tilsyn. I etterkant av tilsynet vil eigar og få skriftleg varsel om forhold som skal vera utbedra innan fastsatt frist. Barnehageeigar må dokumentere at forholda er retta. Dersom fristen for å etterkomma pålegget ikke vert overhaldt, eller forholdet ikkje er mulig å rette, kan kommunen vedta å stengje barnehagen enten varig eller i ein tidsbegrensa periode. 

Stadleg tilsyn 

Varsla stadleg tilsyn 

Dette er den vanlegaste tilsynsforma. Tema for innhaldet i tilsynet vert fastsett av tilsynsmynde. Valet er basert på risikovurderingar. Barnehageeigar vert varsla om tilsynet og har i forkant moglegheit til å førebu uttale om tema knytta til barnehagelova og rammeplanen. 

Hendingsbasert tilsyn 

Denne type tilsyn er basert på aktuelle hendingar eller forhold som kan oppstå i ein barnehage. Tilsynet vert ofte utløyst av klager og uromeldingar frå føresette, tilsette eller andre.  Det hendingsbaserte tilsynet kan vera meldt eller uanmeldt og avdekker eit der-og-då-forhold. 

Dersom du har ei bekymringsmelding vedrørande ein barnehage bør du fyrst ta dette opp med styrar eller dagleg leiar i barnehagen. Dersom du framleis er uroleg for om barnehageeigar oppfyller lover og forskrifter kan du senda ein klage eller ta kontakt med tilsynsmyndet. Det kan du gjera på e-post barnehagemyndet@kvam.kommune.no eller per post (sjå under). Ver obs på at personsensitive opplysningar ikkje skal sendast på e-post. 

Klagar og bekymringsmeldingar må vere skriftlege. 

Dokumentbasert tilsyn 

Elektronisk tilsyn 

Kvam herad gjennomfører årleg elektronisk tilsyn i samtlege barnehagar i Kvam. Alle barnehagar skal svara på det elektroniske tilsynet, uavhengig av storleik og eigarforhold. I det elektroniske tilsynet er det fleire dokumentasjonskrav som skal synleggjera at barnehagane sin struktur- og innhaldskvalitet er i tråd med lovkravet. Dersom tilsynet finn forhold som avvik frå barnehagelova, vert dette rapportert tilbake til barnehagen med ein tidsfrist for å retta det opp. 

Årsmelding 

I midten av desember kvart år rapporterer barnehageeigar om barnehagen sin strukturkvalitet til statistisk sentralbyrå (SSB). Rapporteringa gjev tilsynsmyndet grunnlag for å vurdera om barnehagane oppfyller krav til strukturkvalitet i tråd med krav i lov og forskrifter. Strukturkvalitet inneber mellom anna arealutnytting og pedagogdekning. 

Lover og retningsliner 

Lov om barnehager  (barnehagelova)

§ 10. Barnehagemyndighetens ansvar  
§ 53. Kommunens tilsyn med barnehagene 

Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningslova) 

§ 2 Definisjoner  
§ 11 a Saksbehandlingstid, foreløpig svar  
§ 28. Vedtak som kan påklages, klageinstans  
§ 29. Klagefrist  

Anna regelverk som er relevant for tilsyn med av barnehage 

Forskrift om rammeplan for barnehagens innhold og oppgaver 
Forskrift om miljørettet helsevern i barnehager og skoler 
Forskrift om sikkerhet ved lekeplassutstyr  

Kontakt 

For å venda deg til barnehagemyndet vedrørande tilsyn, klager eller uromeldingar knytt til kommunale eller private barnehagar tek du kontakt med barnehagemyndet på e-post: barnehagemyndet@kvam.kommune.no. Ver obs på at personsensitive opplysningar ikkje skal sendast på e-post. 

Du kan også senda brev per post:  
Kvam herad v/ Barnehagemyndet 
Grovagjelet 16
5600 Norheimsund

Behandling av personopplysningar 

Kvam herad har som mål at personvern og informasjonstryggleik skal vera ein naturleg del av verksemda. Sjå Kvam herad si personvernerklæring for meir informasjon.

Barnehagemyndet i Kvam

Astrid Anett Steine
oppvekstsjef
tlf: 994 28 606

Elna Marie Tufta
barnehagefagleg rådgjevar
tlf: 412 18 842

Trude Femsteinevik
Barnehagefagleg rådgjevar
tlf: 415 91 568

Barnehagemyndet kan kontaktast på e-post: 
barnehagemyndet@
kvam.kommune.no

Dei barnehagefaglege rådgjevarane har kontordag onsdagar og torsdagar.