Parkering

Kommunen har nokre offentlege parkeringsplassar hovudsakeleg i sentrumsområda i Øystese og Norheimsund.

På desse plassane kan ein parkera inntil 20 timar, dersom ikkje anna er skilta (maks 2 t på kaien i Norheimsund).

Andre parkeringsplassar ved offentlige bygg er for brukarane (besøkjande og tilsette) til bygget.

 

Hjelp oss fram – me treng di hjelp

  • Brannbil, brøytebil og bossbil trenger minimum 3 meter vegbredd.
  • Tenk deg om når du parkerer. Liv og helse kan stå på spel dersom din bil sperrar vegen.
  • Feilparkerte bilar kan skapa problem ved at bossbilane ikkje kjem seg fram til bosspann og containarar.
  • Respekter skilt som angjev parkerings- eller stoppforbod.
  • Bilar som hindrar trafikken kan Politiet bøteleggje eller fjerne for eigaren si rekning med heimel i Vegtrafikklova.
  • På seinhausten og på vinteren er det ekstra viktig å tenka seg om.
  • Brøytemannskap må koma seg fram slik at dei får rydda vegane for snø.

 

Gjenståande bilar og bilvrak

  • Du kan melda inn til oss dersom du ser forletne bilar eller bilvrak langs dei offentlege vegane i kommunen.
  • I samarbeid med Politiet vil me prøve å få dei fjerna.
  • Det kan likevel ta nokre veker på grunn av at eigaren må sporast opp og varslast før fjerninga.