Melding om overnatting / mellombels bruksendring

Skal du nytta lokale til overnatting som ikkje er godkjende overnattingsstader? Meld frå til oss!

Melding om overnatting må meldast til brann- og redningsvesenet i god tid før overnattinga skal finna stad. 

Kvam brann- og redningsvesen har eit eige digitalt skjema for melding om overnatting. Brannvesenet vil normalt ikkje gje svar på meldingane, men kan ved nokre høve be om meir informasjon. Merk at dette er ei melding om overnatting, ingen søknad. Det er alltid arrangøren som står ansvarleg for tryggleiken. Meldinga skal kun nyttast der bygningen ikkje er tenkt som overnattingsstad normalt sett men som vert nytta til overnatting i samband med arrangement o.l.

Den eller dei som har ansvaret må gjera ei vurdering av kva uynskte hendingar som kan oppstå, og kva eventuelle tiltak som må gjerast for å hindra eller avgrensa desse.

Ting du bør hugsa på:

  • Rømmingsvegane skal til ei kvar tid vera frie og ryddige, og låste dører skal kunna opnast frå innsida utan bruk av nøkkel.
  • Alle som overnattar skal gjerast kjende med branninstruks, rømmingsvegar, brannalarm og møteplass ved brann.
  • Røykvarslarane i bygget må fungera og vera plassert slik at dei vil vekkja overnattingsgjestane dersom det skulle byrja å brenna.
  • Den ansvarlege skal til ei kvar tid vita det eksakte talet på overnattingsgjestar og ha ei namneliste over dei som overnattar.

Det vert tilrådd at fyrste etasje vert nytta ved overnatting. Skal andre etasjar nyttast, bør dette vurderast ut frå branntekniske tilhøve og personrisiko.