Permisjon frå skulen

Du kan søkja om permisjon frå skulen. Rektor kan gje ein elev permisjon frå skulen dersom eleven får ei opplæring som samla sett er forsvarleg, slik det står i opplæringslova § 2-2.  Rektor kan ikkje innvilga permisjon for meir enn 10 dagar pr. skuleår. 

Når har elevar rett på permisjon?

Elevar som høyrer til eit trussamfunn utanfor Den norske kyrkja, har etter søknad rett til permisjon frå skulen dei dagane trussamfunnet har helgedag, dersom foreldra sørgjer for den opplæringa som må til for at eleven skal kunna følgja med i opplæringa på skulen etter fråværet. 

Det kan vera grunnlag for å gje permisjon ved andre høve, som til dømes: 

  • Deltaking i politisk arbeid (t.d ungdomsrådet)
  • Idrettsarrangement eller andre kulturarrangement der eleven er deltakar på høgt nivå, og det er krav om å reisa bort i opplæringstida. Eleven/føresette må kunna visa fram dokumentasjon på deltaking og arrangement. 
  • Gravferd i nær relasjon
  • Helse- eller velferdsårsaker i familien

Når får elevar normalt ikkje permisjon?

Det bør ikkje innvilgast permisjon dersom det i permisjonstida skal gejnnomførast: 

  • Statlege kartleggingsprøvar
  • Nasjonale prøvar
  • Eksamen, munnleg og skriftleg
  • Andre større prøvar og vurderingssituasjonar slik det går fram av skulen sin terminplan/prøveplan

 

Kvam herad har forskrift om permisjon frå grunnskuleopplæringa

Kvam herad vil oppmoda foreldre om i størst mogleg grad å reisa på ferie i løpet av dei 14 vekene elevane har fri i eit skuleår.

Når elevar er borte frå skulen i meir enn 10 samanhengande skuledagar

Dersom eleven skal vera vekke frå skulen i meir enn to samanhengande veker (10 skuledagar) må eleven skrivast ut av skulen. Foreldre står då ansvarleg for grunnskuleopplæringa på same måte som ved heimeundervisning. Når eleven kjem tilbake til skulen blir han skriven inn på ny.

Klage

Ynskjer du å klaga å på vedtak om permisjon må du klaga innan tre veker etter at du har motteke svar på søknaden. Klagen skal sendast til den skulen som har handsama søknaden. 


Du kan nytta dette standardskjemaet for permisjonssøknader: