VA-norm for Kvam herad

Kvam heradsstyre vedtok revidert VA-norm for Kvam herad 11. mai 2021. 

Norma er basert på VA-norm for Hardanger og Sunnhordland.

  • Krava i henne omfattar alle private anlegg for to (2) hus eller fleire, og alle private anlegg til næringseiningar.
  • Det er krav til overordna VA-plan i alle reguleringsplanar. 
  • VA-planar skal vera godkjent før byggesakshandsaming.

Rådmannen fekk også fullmakt til å gjera oppdateringa av teknisk karakter i VA-norma og vedlegg til denne, etter kvart som det er naudsynt. 

VA-norma er tilgjengeleg på va-norm.no.