Helsestasjon for flyktningar

Kva tilbyr me?

Kvam herad har helsestasjon for flyktningar ved Norheimsund helsestasjon, Sandvenvegen 35, 5600 Norheimsund. Der møter du helsesøster og lege.

Helsestasjonen får melding om nye flyktningar som kjem til Kvam, via NAV.

Det vert gitt tilbod om ein helseundersøking etter ankomst til kommunen, for å kartlegge helsetilstand og eventuelle behov for psykisk og / eller somatisk oppfølging.

Helsestasjonen er også ansvarleg for å gjennomføre obligatorisk undersøking med tanke på smittevern og eventuell oppvaksinering.

Kva kostar det?

Tenesta er gratis.

Kontaktinformasjon

Ta kontakt med helsesjukepleiar Linda Karin Haga for meir info, på tlf. 918 26 285 eller e-post: linhag@kvam.kommune.no.