Offentlege toalett

Kvam herad har mange offentlege toalett som er åpne for bruk, delar av året, eller heile året.

Vinterstengte toalett vert opna i perioden frå ca. 01.05. - 30.10. Enkelte stadar kan verta opna tidlegare og enkelte stadar kan verta stengde tidlegare.

Enkelte toalett ligg i bygg som har eigne opningstider. 

Opning på dagtid er mellom 07:00 - 22:00 der desse vert låst nattetid, elles heildøgns opningstid.

Privateigde toalett utan offentleg avtale ligg i dei ulike næringsbygga i bygdene våre, ofte utan krav om å vera betalande kunde.

Ålvik

Det vert bygd nytt toalett ved Tyrvefjøra innanfor sentrum, dette er venta å opna til sommarsesongen 2022. Elles er det toalett ved biblioteket som ligg ved Ålvik kafe.

Steinstøberget

Statens vegvesen har offentleg toalett ved rasteplass i Steinstøberge mellom Ålvik og Fyksesundet. Dette er heilårs døgnope toalett som vert drifta av vegeigar.

Botnen

Botnen som ligg innerst i Fyksesundet har eit offenleg heildøgnsope toalett ved tidlegare Botnen skule, dette er ope berre i sommarhalvåret.

Øystese

  • Ved Øystesestranda er det universelt tilpassa toalett i sommarhalvåret.
  • Det er ope toalett på reinseanlegget / Notanes på dagtid. 
  • Ved Tunet kjøpesenter er det offentleg tilkomst for toalett i senteret si opningstid.
  • Ved Øystese gravplass er det offentleg bruk etter eigne opningstider sett av kyrkjeleg fellesråd.
  • Ved Blekel i Fitjadalen er det sommaropent toalett.

Valland

Ved Holmsund/ Nyatræet er det offentleg ope toalettanlegg i sommarhalvåret.

NorheimsundToalettbygg i Grova    

  • Offentleg toalett i Grova.
  • Offentleg toalett på rådhuset, i opningstida.
  • Ved Haugamyr idrettspark er det offentleg heilårs dagope toalett i idrettshuset.
  • Ved Steinsdalsfossen turistmål er det fleire offentlege heilårsopne toalett.

Vikøy

Like ved båthavna i Vikøy, ligg det offentleg toalett langs fylkesvegen.

Tørvikbygd

Ved Tørvikbygd fergekai er det heilårs døgnope toalett som vert drifta av fergeselskapet.

Mundheim

Ved busshaldeplass ned mot sjøen, like utanfor vegkrysset i sentrum ligg heilårs døgnope toalettbygg med eitt universelt utforma toalett + eitt enkelt toalett.

Toalett på Mundheim   

Kontakt

Reinhaldsavdelinga til Kvam herad, mobil 957 21 102.

Feil på / i bygg varslast til Kvam herad 56 55 30 00.

Akutte feil som må utbetrast snarast råd, meldast til vakttelefon 56 55 34 90.