Tilskot til lagseigde kulturbygg, idrettsanlegg, nærmiljøtiltak, leikeplassar/aktivitetsområde og turløyper/friområde

Frivillige lag og organisasjonar i Kvam som er registrert i Einingsregisteret kan søkja tilskot til opparbeiding, oppgraderingar og vedlikehald av tiltak/møteplassar  i nærmiljøet.

Tilskotsordninga gjeld 

  • Tilskot til opparbeiding og vedlikehald av leikeplassar/aktivitetsområde
  • Tilskot til rehabilitering av lagseigde kulturbygg ( samt grendahus og bedehus)
  • Tilskot til opparbeiding og vedlikehald av turløyper/friområde
  • Tilskot til nye idrettsanlegg
  • Tilskot til opparbeiding og vedlikehald av tiltak/møteplassar ute i nærmiljøet

Søknadsskjema:

Søknadsskjema til leikeplassar, kulturbygg, turløyper, idrettsanlegg og nærmiljøtiltak

 

Føremålet med tilskotsordninga

 Føremålet med tilskotsordninga er å stimulera til at frivillige lag og organisasjonar kan skapa engasjement og trivsel i nærområda, der målet er å skapa sosiale, aktive og positive møteplassar for innbyggjarane i kommunen. Tiltaka må vera opne for alle.

Søknadsfrist/-skjema

Søknadsfrist er 1. mars årleg, og det vert lagt ut søknadskjema i slutten av januar kvart år.

Tilskot kulturhus, leikeplassar osv

 

Rapportering

Alle tiltak som får tilskot må senda inn rapportskjema og dokumentasjon for utgifter innan 30.11 kvart år. Ein kan ikkje overføra tilskot til året etter.

 

 

 

 

 

Mary Ann Sørheim
Kulturkonsulent og kinosjef
E-post
Telefon 56 55 69 06