Helsestasjon for ungdom

Helsestasjon for ungdom er eit gratis tilbod om helsetenester for ungdom i Kvam frå 13-20 år.

Stad: Norheimsund helsestasjon, Sandvenvegen 35, 5600 Norheimsund.

Ope kvar torsdag frå kl 14.30 – 16.30.

På helsestasjonen møter du helsesjukepleier og lege som du kan snakke med om emne som opptek deg.

Tenesta er gratis. Me har teieplikt.

Prat gjerne med oss om: 

  • Korleis du har det
  • Vennskap
  • Identitet
  • Kjærastar
  • Sex
  • Rus

Hos oss kan du få:

  • Prevensjon
  • Graviditetstest
  • Test for kjønnssjukdom

Du treng ikkje bestille time på førehand.

Du kan ta kontakt med helsesjukepleiarane som arbeider på helsestasjonen: 

 

For meir informasjon
sjå: Nasjonal rettleiar for helsestasjon og skulehelseteneste

annnonse for helsestasjon for ungdom - Klikk for stort bilete
Torill Høyland
Leiar
E-post
Telefon 91 71 12 45
Mobil 91 71 12 45