Røyk og snus

Røyking skader helsa di og kan gje deg alvorlege sjukdomar. Snus inneheldt også helseskadelege og avhengighetsskapande stoff.

All røyking medfører helserisiko, og om du berre røyker av og til. Det er individuelt kor mykje som skal til før me tek skade av det og det finnes ingen sikker nedre grense. Sjølv om du berre røyker på fest eller i andre anledningar, auker du risikoen for hjerte- og karsjukdomar fleire lungesjukdomar og kreftformer.​

Bruk av snus auker risikoen for fleire typar kreft og har i tillegg andre negative helseeffekter. Snusing i svangerskapet kan skade fosteret, og gravide bør ikkje snusa. Når me nyttar snus, er det ingen tobakk som vert forbrent og heller ingen røyk som vert pusta inn av deg eller andre. Sjølv om også snus er negativt for helsa, er det ikkje like helseskadeleg som røyking. Eit unntak er for gravide, sidan fosteret vert utsett for mykje av den same risikoen ved snusbruk som ved røyking.

Sidan 2000-talet har røyking gått ned i befolkninga. Snusbruken har derimot gått opp, og blant unge er snusing no den vanlegaste forma for tobakksbruk.

Les meir om røyk og snus på helsenorge.no:

Reidun Braut Kjosås
Folkehelsekoordinator
E-post
Telefon 91 73 75 15