Seksjonering av eigedom

Seksjonering er å dela ein eigedom slik at eigarane får einerett til å bruka bestemte deler av eigedomen. Ein seksjonert eigedom er eit sameige. 

Seksjonering eignar seg for oppdeling av bustadblokk, horisontaldelte to- og firemannsbustader og næringsbygg i fleire etasjer med ulike brukarar av etasjane. Der eigedomen kan delast i kvar sin fysiske del, vert det tilrådd deling av eigedom framfor seksjonering. Ta gjerne kontakt med oss om du er usikker på om seksjonering er eigna for din eigedom. 

Fyll ut søknadsskjema. (DOCX, 90 kB) Legg ved følgjande vedlegg:
  • Kart over eigedomen.
  • Planteikningar over alle etasjar i bygningen, inklusiv kjellar og loft.
  • Vedtekter til sameiga (ikkje nødvendig ved reseksjonering).
  • Din kontaktinformasjon

Ved reseksjonering er det samansette krav til underskrift og samtykke.

Om det er fleire eigarar av eiegdomen og eigarandelene er dei same før og etter seksjoneringa, kan de fordela seksjonane mellom dykk i samband med seksjoneringa. Fyll i så tilfelle ut skjemaet fordeling av sameieandeler ved seksjonering (Statens Kartverk) og legg det ved søknaden om seksjonering.

Ved seksjonering av uteareal må søkjar oppgje det i søknad om seksjonering. Ved seksjonering av uteareal må det også rekvirerast oppmålingsforretning i eige skjema.

Søknaden må ha original underskrift (krav frå Tinglysingen).

Søknad og vedlegg skal sendast til Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund

Lenker:

Kvam herad - Rådhuset
E-post
Telefon 56 55 30 00

Adresse: Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund

Opningstider:
Månd - fred  kl.0900-1500
Sommartid : kl.1000-1400  (gjeld vekene 25 - 33)