Arrangement

Planlegg du eit arrangement i eit bygg eller på eit område som normalt ikkje nyttast til slike tilstellingar, må du sende oss ei melding. Dette er fordi bygget eller området ikkje normalt sett blir nytta til slike ting, og då må brann- og redningsvesenet sjå til at arrangør har ein plan med å ivareta branntryggleiken under arrangementet.

Arrangement i idrettshall Kvam brann og redning

 

Ved arrangement og festivalar må du melda frå minst fire veker før. Dette gjer du gjennom eit digitalt skjema.

Dette er krav som brann- og eksplosjonsvernlovgivninga stiller til deg som arrangør.

Rettleiar for tryggleik ved store arrangement

Om du skal organisera eit arrangement er det viktig at du tenkjer på tryggleiken til alle som skal delta. Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) har laga ein rettleiar for tryggleik ved store arrangement, som me oppmodar alle arrangørar til å setja seg godt inn i før dei sender melding til brann- og redningstjenesta i Kvam. Rettleiaren kan finn ein på DSB sine nettsider.

Sjå også: Retningsliner for større arrangement (PDF, 218 kB), frå Kvam brann- og redningstjeneste.