Psykososialt kriseteam

Kva er ei krise?    

Ei krise er ei alvorleg hending som rammar enkeltpersonar, familiar eller lokalsamfunn.  

Alvorlege hendingar kan vera:   

  • Sjølvmord, sjølvmordsforsøk, vald eller drap   
  • Akutte, uventa dødsfall   
  • Ulykker og nestenulykker    
  • Vitne til eller hjelpar ved ei alvorleg hending   
  • Store kriser og katastrofar  
     

Kva gjer kriseteamet?  

Kriseteamet er ei tverrfagleg gruppe som skal skaffa oversikt over behov for psykososial støtte i ein krisesituasjon og samordna innsatsen som trengst. Dei skal og sikre at dei som er råka av krisa får naudsynt oppfølging.   

Etter ei akutt alvorleg hending kan psykososialt kriseteam tilby samtalar, råd og rettleiing til involverte, pårørande, vitne og hjelparar.

Den psykososiale innsatsen skal samordnast med det eksisterande kommunale tenestetilbodet og vera eit kontaktledd frå ei krise oppstår til dei etablerte behandling- og hjelpetenestene kan ta over og følgja opp på ein trygg og god måte.    

Legevakt i samarbeid med leiinga i kriseteamet avgjer om kriseteamet skal aktiverast.    

Om du er uroa for nokon i tilknyting til ei krise knytt til ei hending utanfor Kvam herad, kan du ta kontakt med legevakta.  

Teieplikt   

Alle medlem av det psykososiale kriseteamet har teieplikt.    

_______________  

Sjå også informasjon om psykisk helseteneste for vaksne og Kvam familie- og læringssenter sitt tilbod for born, unge og familiar.  

 

 

Her finn du ei nyttig lenke til sida: Krisereaksjonar under og etter ei hending (RVTS).

HERO-Krisereaksjoner-under-og-etter-en-hendelse - Klikk for stort bilete RVTS
Kvam legevakt
Telefon 116 117

Adresse:
Nedre Norheim 44, 5600 Norheimsund.

Opningstider:
16:00 - 23:00 (kvardagar) og 08:00 - 23:00 (helg/høgtid)

Ved akutt, livstruande skade eller sjukdom ring 113