Parkeringsløyve for forflyttingshemma

Handicap/HC-kort

Du kan søkja kommunen om parkeringsløyve for forflyttingshemma. Løyve gjev deg rett til å parkera på offentleg skilta og reserverte parkeringsplassar utan at du betalar avgift. Du får vanlegvis løyve frå to til fem år.

 

Kven kan søkja?

Du kan søkja om parkeringsløyve for forflyttingshemma dersom du har:

  • vesentleg redusert gangevne som er dokumentert av lege
  • behov for særleg kort veg frå parkeringsplass til bustad, arbeidsstad eller annan aktivitet

Kriterie og vilkår

  • parkeringsløyve er personleg og kan ikkje nyttast av andre enn kortinnehavaren.
  • parkeringsløyve gjeld deg som person, ikkje bilen, og eigar av kortet må alltid vera med i bilen. 
  • misbruk vil medføra inndraging av kortet og du risikerer å verta meld til politiet.
  • løyve må innleverast dersom grunnlaget for tildelinga ikkje lenger er tilstades.
  • løyve må og innleverast når kortet ikkje lenger er gyldig.
  • kommunen kan trekkja tilbake parkeringsløyve ved misbruk eller endra forhold som gjer at vilkåra for parkeringsløyve ikkje lenger er oppfylt.

Slik søkjer du

Fastlegekontora og fellessekretariatet på Rådhuset i Kvam har søknadsskjema. Du finn også link til søknadsskjema og legeerklæring her (PDF, 377 kB)

Søknaden skal innehalda:

  • ferdig utfylt søknadsskjema
  • legeerklæring
  • kopi av gyldig førarkort om du søkjer som førar
  • kopi av id-kort om du søkjer som passasjer
  • bilde i passfotostørrelse

Send søknaden til fellessekretariatet på Rådhuset.

Kommunen innhentar eventuelt ekstra opplysningar dersom det er nødvendige for å vurdera søknaden.
Kommunen skal behandla saka så snart som mogleg. Om saka ikkje kan avgjerast innan ein månad, skal du ha skriftleg beskjed om grunnen til dette. 

 

Lover og reglar

Klage

Er du misnøgd med vedtaket, kan du klaga til kommunen innan ein frist på tre veker fra du mottok det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du ta kontakt med kommunen. Opprettheld kommunen vedtaket, blir saka sendt vidare til kommunens interne  klagenemnd, som avgjer om klagen skal takast til fylgje.

For meir informasjon sjå her.

 

 

 

Dag Erlend Skjelbreid
Kommuneoverlege
E-post
Telefon 991 08 543
Kvam herad - Rådhuset
E-post
Telefon 56 55 30 00

Adresse: Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund

Opningstider:
Månd - fred  kl.0900-1500
Sommartid : kl.1000-1400  (gjeld vekene 25 - 33)