Kvalitet og kokevarsel

Drikkevatnet i Kvam herad held god kvalitet og er trygt å drikke, så lenge kommunen ikkje melder om noko anna.
 

Kvam herad har fem kommunale vassverk: Ålvik vassverk, Kvam vassverk, Kvamskogen vassverk, Strandebarm vassverk og Salbuvika vassverk. I tillegg er det fleire private vassverk. Drikkevasskildene til vassverkene er klausulerte. Oversikt finn du her (PDF, 10 MB).

Vatnet må oppfylle drikkevatnforskrifta sine krav til vasskvalitet.

Når og korleis varslar me?

Kommunen informerar gjennom heimesida, og varslar på SMS og telefon til råka innbyggjarar i følgjande tilfelle:

  • Når me stenger vatnet på grunn av vedlikehald og lekkasjar (både ved planlagt arbeid og i akutte tilfelle)
  • Ved kokevarsel for drikkevatnet

Me varslar planlagt stenging to dagar før stenginga. Akutte hendingar varslar me så raskt me kan.
Les meir om telefonvarsling

Når må du koke drikkevatnet?

Kvam herad tar vassprøver kvar veke for å sikre at alt vatn i springen din er trygt, klart og utan spesiell lukt, smak eller farge. 

Sjå prøveresultat for drikkevatnet i Kvam.

Dersom prøvane viser at vatnet ikkje er 100 prosent trygt, sender me varsel gjennom SMS og telefon om at drikkevatnet må kokast.

Dersom det oppstår brot i vassleidningar, slik at det er fare for forureining av vatnet, er det og mogleg du får melding om å koke drikkevatnet fram til me har fått svar på eventuelle bakterieprøvar.

Me sender ny melding når drikkevatnet er stadfesta trygt igjen.
Informasjonen på kvam.no vil verta oppdatert ved slike høve.

Dersom kommunen sender ut kokevarsel, ber me deg følgje Folkehelseinstituttet sine råd:
Kva skal du gjera når du får varsel om at drikkevatnet må kokast? (PDF, 72 kB)