Matombringing

Kvam herad tilbyr middagsombringing til heimebuande i alle soner. Kvam herad har avtale med ekstern leverandør om middagslevering til institusjonar og heimebuande.

Kva tilbyr me?

Middag kan leverast heim til deg 1-2 gonger i veka. Du kan sjølv bestemma kor mange middagar du ønskjer per veke.

Middagen vert levert rett i kjøleskåpet ditt. For tida er det levering måndag og torsdag.

Middagen kjem kald i porsjonspakke som skal varmast i mikrobølgeovn eller steikeovn. Det er meny kvar veke. I tillegg til hovudrett er det suppe eller dessert.

Du kan bestilla diett dersom du har behov for det.

Pleie og omsorgstenesta kan hjelpa deg med tilrettelegging av måltidet dersom det er behov for det.

Kven kan få tilbodet?

Heimebuande eldre eller andre som grunna sjukdom, alder eller av andre årsakar ikkje er i stand til å oppretthalda eit tilfredstillande kosthald i det daglege kan få tilbod.

Kva kostar det?

Du må betala ein eigenandel for tenesta, oversikt her.

Slik søkjer du

Søknadsskjema

Meir om søknaden her.

Lovar og reglar

Klage

For meir informasjon sjå her.