Renovasjonsavgift for hytter og stølshus

For å sikre lik og rettferdig betaling av renovasjonsgebyr for alle eigedommar karlta BIR før hausten 2018 fritidseigedomar som ikkje betalte avfallsgebyr. 

Gebyrplikt for fritidseigedomar som hytter og stølshus

Kvam herad har ansvaret for renovasjonsordninga, slik det går fram av forureiningslova §30. Dette ansvaret er delegert til BIR som også skal krevje inn gebyr, jamfør forskrift om handtering av avfall frå hushald §3.

På bakgrunn av kartlegginga av fritidsbustader i Kvam, kjem BIR til å påleggje avfallsgebyr for dei eigedomane som fyller krav til bustad som er gitt i forskrifta. Krava er at bustaden skal vere råd å bu i, og gjev rom for kvile og matstell. Alle eigedomar som fell inn under verkeområdet til forskrifta, skal vere knytte til renovasjonsordninga og pliktar å betale avfallsgebyr, jamfør §3, tredje ledd.

Stølshus som nyttast i gardsdrift, kan få unntak frå avfallsgebyr etter søknad. Dersom du i dag mottek rekning frå BIR og du meiner at dette er eit stølshus som er ein del av drifta på garden, så kan du klage på dette til BIR. Søknad eller klage skal sendast til BIR: bir@bir.no, med kopi til kommunen: postmottak@kvam.kommune.no.

Avfall frå stølshus som ikkje omfattast av kommunal renovasjon, vert definert som næringsavfall.

Registrerte eigarar er ansvarleg for avfallsgebyret

Den som er registrert grunneigar eller festar i Kvam herad sitt eigedomsregister, får tilsendt faktura. For at BIR skal kunne fakturera festar av ein fritidsbustad, må det liggja føre ei festekontrakt. Dersom ikkje, vil du som grunneigar vere ansvarleg for avfallsgebyret, sjå §5 i forskrifta.

Inndeling i fire kategoriar

Avfallsgebyr for fritidseigedom er delt inn i fire priskategoriar, der firma- og lagshytter ligg i den eine ytterkanten av skalaen, mens støler langt til fjells utan tilknyting til infrastruktur ligg i den andre. Kriteria for kategoriane er som følgjer:

  • Firmahytter og lagshytter
  • Åtkomst: avstand frå køyrbar veg (bil) eller brygge (båt) til hytta < 1 km
  • Innlagd vatn
  • Innlagd straum

Hytterenovasjonsløysinga

Alle dei som betalar avfallsgebyr for fritidsbustad har rett til å bruke hytterenovasjonsløysinga til BIR og kan bestille nyklar til behaldarane. Meir informasjon får du i varselet BIR sender deg.

Har du spørsmål?

Prisar finn du på bir.no. Der finn du også kontaktopplysningar til BIR. For informasjon om eigedomsregisteret, ta kontakt med Kvam herad ved Magnar Dalatun på telefon 56 55 31 96.