Oljetankar

Kristin Hildre Rørvik / oljefri.no Frå 1. januar i 2020 er det ikkje lenger tillatt å nytta fossil fyringsolje eller parafin til oppvarming av bustad og bygg. Ureining frå nedgravde oljetankar er ei stor kjelde til ureining i grunnen, for bustad og grunnvatn.

Dersom du har oljetank som ikkje lenger skal nyttast, må du syta for å tøma, reingjera og grava opp tanken. Dette skal vera utført av kvalifisert firma. Oppgravd tank må leverast til godkjent mottak.

Når oljetanken er fjerna, skal det sendast melding til heradet, med opplysningar om storleik, alder, materiale for tanken, kvar han har vore plassert og kva mottak oljetanken er levert til. Meldinga skal sendast til postmottak@kvam.kommune.no eller til Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund

Sjå også: Forskrift om forbud mot bruk av mineralolje til oppvarming av bygninger.

Du finn elles nyttig informasjon på www.oljefri.no

Dersom du ikkje kan fjerna tanken

Om det av særskilde grunnar ikkje er mogeleg å fjerna tanken, kan du søkja heradet om løyve til å la tanken liggja. Tanken skal likevel tømast, verta fullstendig reingjort og fyllt opp med sand, grus eller liknande faste massar. Skum eller flytande produkt kan såleis ikkje nyttast. Påfyllingsutrustninga må verta fjerna eller blinda slik at påfylling vert hindra.

Søknadsskjema: Søknad om attfylling av nedgravd oljetank uten oppgraving