Kva skjer når straum- og mobilnett ikkje fungerer?
Lyd til radio for å få informasjon fra styresmaktene. Innbyggjarar kan møta heradet på rådhuset i Norheimsund, Strandebarm omsorg eller Elkem Bjølvefossen i Ålvik.
Dersom det oppstår ei hending der både mobilnett og internett fell ut over tid, kjem NRK til å senda beredskapsmeldingar og viktig informasjon frå styresmaktene på radio.
Det er er tilrådd at alle husstandar har ein DAB-radio som går på batteri.
Treng du som innbyggjar ekstra oppfølging, kjem heradet til å vera tilgjengeleg på fylgjande stader:
- Rådhuset i Norheimsund – Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund
- Strandebarm omsorg – Tangeråsneset 25, 5630 Strandebarm
- Elkem Bjølvefossen (hovudinngangen) – Ålvikvegen 1055, 5614 Ålvik
Oppmøtestadene erstattar ikkje naudetatane. For helserelaterte saker skal du reisa til dei vanlege oppmøtestadene.
Publisert 01.04.2025 11:50
Sist endra 17.06.2025 12:09