Ljosløyper/skiløyper

I Kvam er det gode moglegheiter for å komma seg ut på ski.  Nedanfor finn du moglegheitene for å komma deg ut i preparerte skiløyper. 

Sjusete skisenter

Sjusete skisenter ligg om lag 4 km i frå Norheimsund og 3 km i frå Øystese sentrum.  Ljosløypa er 5 km lang.  I vekedagar vert løypa preparert for bruk innan kl. 10.00 kvar dag.  I tillegg til ljosløypa vert Kjosåsløypa og Alkleivløypa preparert.  I helga skal alle løyper i hovudsak vera preparert for bruk innan kl. 10.00.  Ljosløypa er på til kl. 23.00 kvar kveld.

Gode moglegheiter for parkering.  Avgift for parkering.

Kvamskogen

På Kvamskogen er det preparert meir enn 60 km med skiløyper.   Den mest populære skiløypa går i frå Furedalen til Mødalen.  Andre populære skiløyper går i frå Ungdomsheimen til Øvre Steinskvanndalen.    Det er gode parkeringsforhold på Kvamskogen, private parkeringsplassar med parkeringsavgift.  Oppmoding om å betala for bruk av løypene.  

Eigne løypekart som syner sommarløyper og preparerte skiløyper er tilgjengelege ved informasjonstavlene på parkeringsplassane. Kartet kan også lastast ned digitalt til mobil eller nettbrett, ved hjelp av appen Avenza Maps.

Åse på Omastrand

Ljosløypa på Åse ligg om lag 2 km i frå sentrum på Oma.   Løypa er 1,7 km og ljoset vert slått på etter behov.  Parkering på Åse.  Ljosløypa på Åse heng saman med Grønningsløypa, tilsaman vert det preparert omlag 10 km med skiløyper.  Tilkomst til  Grønningsløypa via Grønningsvegen.

Kart