Helsestasjon 0-5 år

Kva tilbyr me?

Alle born 0-5 år får tilbud om regelmessige konsultasjoner på helsestasjonen. Tilbudet i helsestasjonen 0-5 år er eit standardisert program med 14 konsultasjoner, inkludert heimebesøk til nyfødte. 

På helsestasjonen møter du jordmor, helsesjukepleier, lege og fysioterapeut. Me vil gje målretta helseundersøking, vaksinasjon, foreldre-rettleiing og helseopplysning.

Målet med helsestasjonsprogrammet er at foreldre opplever mestring i foreldrerollen, å bidra til godt sampel mellom foreldre og born, å fremje fysisk, psykisk og sosial utvikling hjå sped-og småborn. Å førebygge, avverge og avdekke vold, overgrep og omsorgssvikt. Å avdekke fysiske og psykiske utviklingsavvik tidleg, å bidra til at born får oppfølging og vert henvist videre ved behov.

Kva kostar det?

Tenesta er gratis.

Slik søkjer du:

Helsestasjonen får melding om alle nyfødde frå fødeavdeling. Helsesjukepleier tek så kontakt og tilbyr heimebesøk innan 10 dagar etter fødselen. Det er viktig at ny-tilflytta sjølv tek kontakt med helsestasjonen.

Sjå: Nasjonal rettleiar for helsestasjon og skulehelseteneste

Kontaktinformasjon

Korleis kan ein ta kontakt? Send sms til helsesjukepleier, så ringer me deg opp igjen.

Ålvik helsestasjon:

Grethe Helen Mæland, helsesjukepleiar 
Tlf: 906 36 059. E-post: gremal@kvam.kommune.no

Besøksadresse:  Trånavegen 91, 5614 Ålvik

Øystese helsestasjon:

Torill Høyland, helsesjukepleiar
Tlf: 917 11 245. E-post: toho@kvam.kommune.no
Mariann Lie Vikør, helsesjukepleiar
Tlf: 909 32 051. E-post: marivi@kvam.kommune.no

Besøksadresse:  Hardangerfjordvegen 615, 5610 Øystese

Norheimsund helsestasjon:

Elisabet Børresen, helsesjukepleiar
Tlf: 482 79 566. E-post: elibrr@kvam.kommune.no

Trude Haukaas, helsesjukepleiar 
Tlf: 482 73 130. E-post: truhau@kvam.kommune.no

Besøksadresse: Sandvenvegen 35, 5600 Norheimsund

Strandebarm helsestasjon:

Elisabet Børresen, helsesjukepleiar 
Tlf: 482 79 566. E-post: elibrr@kvam.kommune.no

Besøksadresse:  Tangeråshagen 1, 5630 Strandebarm

Du kan også ta kontakt med leiar for helsestasjon-og skulehelseteneste, Torill Høyland, tlf. 917 11 245 eller e-post: toho@kvam.kommune.no

Grethe Helen Mæland
Helsesyster
E-post
Telefon 906 36 059
Torill Høyland
Leiar for helsestasjon og skulehelseteneste
E-post
Telefon 56 55 38 59
Elisabet Børresen
Helsesyster
E-post
Telefon 482 79 566
Janne Kathrine Nygård
Helsesyster
E-post
Telefon 482 73 130