Dagsenter for menneske med utviklingshemming

Nordtunet har dagsentertilbod for menneske med utviklingshemming og har lokaler i tilknytning til Øysteseheimen.

Kva tilbyr me?

Du kan få tilbod om dagsenter 1-5 dagar per veke. Dagsenteret er ope 08:30 - 15:00. Det er stengd laurdagar, helge- og høgtidsdagar.

Du kan få tilbod om transport til og frå dagsenteret ved behov.

På dagsenter får dei som bur heime tilbod om:

  • aktivitetar tilpassa behov
  • trening til dagleglivets gjeremål
  • enkel fysisk trening
  • sosialt samvær
  • frukt/saft/kaffi/te
  • hjelp i måltidssituasjonar
  • hjelp til forflytning / toalett besøk
  • høve til å kvila
  • hjelp til medikamentutdeling
  • formidling av hjelpemidlar

Du må sjølv ta med deg den maten du ynskjer til lunsj.

Kven kan få tilbudet?

Dette er eit tilbod til deg som bur heime og som har behov for:

  • å koma deg ut, kjenna deg trygg og vera saman med andre
  • treng aktivitet og trening
  • opptrening/vedlikehald av ferdigheiter etter fagleg vurdering
  • har pårørande som treng avlastning

Kva kostar det?

Tenesta er gratis.

Dersom du som brukar ikkje nyttar deg av dagplassen din ein dag, må du gje beskjed om dette så raskt som mogleg, til dagsenteret eller gruppeleiar, då drosje må avbestillast.

Slik søkjer du

Du brukar skjema for helse- og omsorgstenester . (PDF, 165 kB) 

For meir informasjon om søknad sjå her.

Lovar og reglar

Klage

For meir informasjon sjå her.

Nordtunet

Telefon: 482 15 532
Opningstider:
måndag til fredag kl 08:30 - 15:00

Leiar
Hanne Mari Aarsand
Telefon: 941 55 058
E-post: HaAa@kvam.kommune.no

Tenestekontor Helse og omsorg
Telefon 56 55 30 00

Adresse: Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund
Opningstider: kl 09:00 - 14:30, måndag til fredag

Leiar Tenestekontor Helse og omsorg
Jorunn Selsvik
Telefon: 920 21 980
E-post: jorsel@kvam.kommune.no

Sakshandsamar
Sara Marie Klyve
Telefon: 904 06 621
E-post: sarkly@kvam.kommune.no