Ordførarar i Kvam

I denne artikkelen finn du ei oversikt over ordførarar i Kvam i perioden frå 1838 til i dag.

Litt kort kommunehistorie

Strandebarm var i tidlegare tider eit eige herad, etablert som Strandebarm formannsskapsdistrikt i 1837. Dette distriktet omfatta til å byrja med både Jondal og Varaldsøy, som etterkvart vart skilt ut som eigne kommunar. 

1. januar 1965 vart det meste av Strandebarm slått saman med Kvam herad. Det vart også Tørvikbygd, som hadde vore ein del av Jondal, samt Mundheim, som som hadde vore ein del av Varaldsøy kommune. Samstundes vart Åsgrenda (Bjotveit, Storås og Litlås) sør for Hardangerfjorden, som hadde vore ein del av Kvam herad, overflytta til Ullensvang.

På kartutsnittet til venstre, som er henta frå Hordaland fylkesleksikon (Det norske næringslivs forlag, 1952) kan du sjå dei gamle kommunegrensene.

Tala syner til desse kommunane: 1. Varaldsøy, 2. Strandebarm, 18. Hålandsdal, 21. Samnanger, 50. Granvin, 51. Kvam og 52. Jondal.

Kvam herad heitte fyrste Vigør herad, men skifta namn til Kvam i 1912. I denne artikkelen har me vald å ta med ein oversikt over ordførarar i både gamle Vikør herred, i Strandebarm og i Kvam herad. Det kan likevel nemnast at tre av ordførarane i Jondal kommune, og to av ordførarane i Varaldsøy, budde i det som idag er Kvam herad. Det gjeld Lars J. Berge (1880 - 1889), Hans Hallaråker (1920 - 1924) og Ola N. Herastveit (1935 - 1937) frå Tørvikbygd, og Torbjørn Galtung (1920 - 1925) og Kristofer K. Mundheim (1932 - 1945) frå Mundheim.

Ordførarane er sortert i omvendt kronologisk rekkefølgje. Nokre har vore ordførarar i fleire bolkar, og er då sortert etter fyrste gongen dei vart det.

Ordførarar i Kvam herad
 

  

Torgeir Næss, 2019 - 

Torgeir Næss (f. 1967) frå Arbeidarpartiet er den sitjande ordføraren i Kvam herad. 

Næss er fødd og oppvaksen på Mundheim, og gjekk på gymnaset i Øystese før han byrja på Universitetet i Bergen, der han fulførte jusstudiet i 1994. Frå 1997 har han budd i Norheimsund. 

Han har tidlegare arbeidd ved Kvam trygdekontor og som bedriftsrådgjevar i Sparebanken Hardanger og Sparebanken Vest, samt to år i Fana bydel i Bergen. 

 

Jostein Ljones, 2015 - 2019

Jostein Ljones (f. 1967) var ordførar i Kvam frå 2015 til 2019. Han representerer Senterpartiet.

Ljones har også vore fylkesleiar i Senterpartiet, og har bakgrunn som gardbrukar med produksjon av mjølk og egg.

  

Asbjørn Tolo, 2011 - 2015

Asbjørn Tolo (f. 1960) var ordførar i Kvam frå 2011 til 2015. Han representerte partiet Høgre.

Før dette hadde Tolo mellom anna arbeidd som operativ sjef for Avinor Bergen lufthavn Flesland og som administrerande direktør i Fjellstrand AS. Han arbeider idag i Avinor.

  

Astrid Farestveit Selsvold, 2003 - 2011

Astrid Farestveit Selsvold (f. 1964) var ordførar i Kvam frå 2003 til 2011. Ho representerte Arbeidarpartiet.

Selsvold er industriarbeidar.

 

   

Martin Vik, 1994 - 2003

Martin Vik var ordførar frå 1994 til 2003. Han representerte Senterpartiet. Vik er idag dagleg leiar for og styremedlem i Hardangerbadet.

 

  

Sigvard Berge, 1988 - 1989, 1992 - 1993

Sigvard Berge (f. 1933) var ordførar i to omgongar sist på 1980-talet og fyrst på 1990-talet. Han representerte Arbeidarpartiet. 

Før han vart ordførar, var Berge lagerarbeidar, og han hadde vore heradsstyremedlem sidan 1975 og varaordførar i åra 1984 - 1987.

  

Johannes Waage, 1984 - 1987

Johannes Waage var ordførar i åra 1984 til 1987. Han representerte Kristeleg Folkeparti.

Før han vart ordførar var Johannes Waage lensmann.

 

  

Guttorm Skeie, 1976 - 1983, 1990 - 1991

Guttorm Skeie frå Senterpartiet var ordførar frå 1976 til 1983, og på ny frå 1990 til 1991. Skeie var gardbrukar.

  

Olav M. Laupsa, 1960 - 1975

Olav M. Laupsa (f. 1909) frå Kristeleg Folkeparti var ordførar frå 1960 til 1975. Laupsa, som opprinneleg var bonde, var ei tid også fylkesordførar. 

  

Olav L. Skeie, 1946 - 1960

Olav L. Skeie (f. 1904) var medlem av heradsstyret frå 1937 av, og ordførar mellom 1946 og 1960. Skeie var bonde av yrke, og hadde utdanning frå Stend jordbruksskule.

 

Okkupasjonsåra

Det siste lovlege møtet i Kvam heradsstyre vart halde i desember 1940. Normalt skulle det ha vore halde val på nytt heradsstyre det året, men dette sette den tyske okkupasjonen naturleg nok ein stoggar for.

Nyåret 1941 vart det utnemnd eit nytt formannsskap på 11 medlemer med Jakob H. Vik som ordførar og Aksel Rødseth som varaordførar, sistnemnde representerte Nasjonal Samling. Vik nekta å ta på seg på vervet, som då fall til Mikjel T. Steine. Ifølgje boka Lokalt sjølvstyre, 1837 - 1987, utgjeve av Kvam herad, var Steine "ein klok mann, velrøynd i heradsstyret like frå 1920", med "full tillit mellom bygdefolket". 

I februar 1942 overtok Jens Wilhelm Høie, representant for Nasjonal Samling, som ordførar, og i 22. desember vart Håkon Sandven utpeika til ordførar.

  

Lars Matre, 1938 - 1940, 1945

Lars Matre (f. 1938) var fødd i Skånevik og vart mellombels jordskifteformann i Hardanger i 1929 og fast formann frå 1936. I 1938 vart han overført til Voss distrikt, men han blei buande i Kvam fram til 1947.

Matre var ordførar i Kvam herad frå 1938 til 1940, og vart mellombels sett inn att i ombodet sitt etter at krigen og okkupasjonen var over. 

   

Jakob H. Vik, 1932 - 1937

Jakob H. Vik (f. 1887) hadde utdanning frå Stend jordbruksskule, og var banksjef i Kvam Privatbanke frå 1922 til 1958.

Han var også medlem av Kvam heradsstyre i 26 år, ordførar i seks år og varaordførar i fire. Han var også formann i Øystese bondelag i 40 år.  

 

Jakob N. Vik, 1923 - 1931

Jakob Nilsson Vik (f. 1882) hadde utdanning frå Stend jordbruksskule i Fana og frå Statens meieriskule i Brandbu. Ved sidan av arbeidet som gardbrukar på farsgarden Vik var han i åra 1906 - 1913 og 1923 - 1928 styrar av det lokale meieriet.

Vik var medlem i heradsstyret frå 1919 av, og ordførar frå 1922 til 1931. Frå 1928 av sat han på Stortinget, og han vart attvald ved dei neste tre stortingsvala, men frå 1931 til 1933 var han sosialminister under regjeringane Kolstad og Hundseid.

Han representerte Bondepartiet.

  

Hans Jakobson (Øvre) Vik, 1919 - 1922

Hans J. Vik (f. 1860) var gardbrukar på Øvre Vik, og også med på å skipa Øystese Meieri. Han var også aktiv i folkevæpningsrørsla, og var formann både i Øystese skyttarlag og i Hordaland Folkevæpningslag. Dessutan var han formann og ei drivande kraft i Øystese Sokneselskap.

Han sat i heradsstyret i over 30 år, og var varaordførar frå 1905 til 1919, sjølv om han i stor grad fungerte som ordførar, då Nils N. Skaar (sjå under) var tingmann. Frå 1919 til 1922 var Hans J. Vik ordførar. 

Hans J. Vik vert i boka Banken og bygda: Kvam privatbank 1862 - 1962 omtala som "i all si ferd ein rotekte bonde og i alle sine ombod representant for det sunne bondevitet".

 

Ordførarar i Vikør herad

    

Nils N. Skaar d.y, 1888 - 1919

Nils N. Skaar d.y. var son av Nils N. Skaar d.e (sjå under), og vart fødd i Botnen i mars 1852. 

Han utdanna seg som lærar, og var i nokre år lærar på folkehøgskular, inklusive eit opphald på den kjende folkehøgskulen Askov i Danmark. Frå 1877 av redigerte han bladet Hardangeren, som han etterkvart også vart eigar av. Bladet skifta etterkvart namn til Søndre Bergenhus Folkeblad og sidan til Hordalands folkeblad. 

I 1882 flytta Skaar til Norheimsund der han kjøpte seg jord, bygde seg hus og etablerte eit boktrykkeri.

Skaar var medlem av heradsstyret frå 1886 av, og sat som ordførar frå 1888 til 1920. Han var også stortingsmann frå 1886 til 1894, og frå 1910 til 1924, den meste av tida som representant for Venstre (i perioda 1886 - 1888 representerte han Det moderate Venstre, ein konservativ fraksjon i Venstre som ei tid fungerte som eiga gruppe). 

 

  

Lars Lofthus, 1886 - 1887

Lars Johannessen Lofthus (f. 1852) fungerte som ordførar i 1886 og 1887. 

Han hadde utdanning og bakgrunn som underoffiser, men overtok farsgarden på Børve i 1874. 

I 1889 flytta Lofthus frå Kvam, og vart han tilsett som lensmann på Vossestranda, men i 1892 søkte han på det same ombodet i Kvam. 

I samband med 70-årsdagen hans i 1922 skreiv avisa Den 17de Mai: 

"I politikken har han halde greide linor og det nasjonale reisingsarbeidet har havt ein varm, trygg og traust talsmann i han.

[...] Lars Lofthus har fleire gonger vore paa tale som stortingsmann for vinstre i Hordaland. Og naar han ikkje har kome paa stortinget saa er det for di han har sete jamsides med ein annan politisk hovding, verbroren, Nils Skaar, og det er ikkje greidt aa faa to mann fram fraa same bygda. Men Lofthus har gjort partiet sitt store tenestor likevel. Av sosiale spursmaal er det serleg avhaldssaka som har lege han varmt paa hjarta".

Nils N. Skaar d.e., 1866 - 1885

Nils N. Skaar vart fødd på Skåro 1. januar 1826, og var bror til Gjermund Skaar (sjå under), og far til Nils N. Skaar d.y. (sjå over). 

Skaar var bygningssnekkar til i 1851, då han kjøpte eit bruk i Botnen, og busette seg der. I 1856 overtok han farsgarden etter broren Gjermund, som hadde vorte lendsmann. 

Skaar kom inn i heradsstyret som 26-27-åring, og sat der i åtte år. Etter nokre års pause vart han vald inn på ny, og frå 1866 til 1885 var han ordførar. I 1870 vart han også stortingsmann. Skaar var ein del av opposisjonen på Stortinget, som under leiing av Johan Sverdrup la grunnlag for stiftinga av partiet Venstre. Han sat også i riksretten, og var såleis med i riksrettssaka mot regjeringa Selmer i 1883-84, som la grunnlag for ei parlamentarisk styreform og for danninga av politiske parti.

I 1885 vart han fyrvaktar på Lerøy i Sund. Då han drog frå Kvam fekk han ei gåve av heradsstyret, ledsaga av følgjande vers:

En hæder for vor bygd du var
i alt dit kald og yrke
Tak for alt godt, du virket har
for herad, stat og kirke.
Tak for din ungdoms raske flid!
Tak for din manddoms daad og id!
Tak for alt godt i al den tid, 
Du kunde blandt os virke. 

Du flytter nu. - Vort haab, vor bøn
Du med paa veien tage;
Bliv altid bygdens beste søn
i alle dine dage.
Bliv alltid, hva du altid var, 
en kjærlig søn, en trofast far,
Tak for hver stund, Du blandt os var, 
Velkommen tidt tilbage!

  

Johannes S. Neteland, 1860 - 1865

Johannes Sjurson Neteland vart fødd på Skutlaberg i  1822. 

Ifølgje jubileumsboka Vikøy sparebank 1860 - 1960 hadde Neteland "uvanleg gjevnad for boklege syslor, og det er tydeleg at han gjenom heile livet las alt han berre fekk tak i". 

Berre 20 år gamal vart han sett til skulelærar, og han heldt seg i det yrket fram til 1881. I 1855 gifta han seg med Anna Johannesdtr. Neteland, og flytta han dit. 

Neteland skal ha vore "djupt grepen av opplysningstankane i tidi", og var med på å skipa Vikør Sogns Gårdbrukerforening i 1856. I 1858 vart han vald inn i formannskapet, og frå 1860 til 1865 var han ordførar. I 1866 vart han kasta, noko som truleg hadde samanhang med at han hadde fått soknestyret til å vedta bygging av bygdeveg frå Grova til Neteland, "dei tyngslor dette vegbygget la på bøndene, laut han då bera skuldi for".

Neteland var også direktør for sparebanken.

  

Ola S. (Kallestad) Aksnes, 1858 - 1859

Ola S. Kallestad var ordførar i 1858 og 1859. Frå 16. mai 1859 kalla han seg Aksnes.

Ola S. Aksnes var gardbrukar.

 

 

  

Gjermund N. Skaar, 1844 - 1857

Gjermund Skaar vart fødd på den bratte garden Skåro ved Fyksesundet i november 1814. Han var eldre bror til Nils N. Skaar d.e. 

I boka Kvam i fortid og nutid, som vart gjeve ut av Kvam herad i 1921, heiter det om Gjermund:

"Gjermund, som var den eldste af ægteparrets børn, vokste op paa den afsidesliggende fjeldgaard og havde kun ganske liden skolegang. Men hans utmerkede evner, hans lærelyst og flid hjalp ham over alle vanskeligheder. Han blev en selvlært mand".

Skaar var noko av ein multikunstnar, som dreiv med både treskjering, kunstmåling, poesi og fotografering. Han var ein ivrig lesar, og vart rekna som noko av eit flogvit.

Etter å ha overteke garden vart han vald inn i heradsstyret, 27 år gamal, og få år seinare vart han ordførar, ei stilling han hadde i 13 år. I 1850 vart han også vald som stortingsmann, og i den rolla var han "freidig og uforfærdet og deltog ofte i debatten". 

I 1855 vart Skaar råka av fleire ulukker: husa hans vart truffe av snøskred, og han pådrog seg gjeld når han fekk flytta dei til ein ny stad. Same året mista han både kona og yngste sonen. Året etter vart han lensmann, men økonomien gjekk det dårleg med, og han vart i 1860 skulda og dømd for underslag. Kvam i fortid og nutid fortel vidare:

"Da han havde udstaaet straffen, vendte han tilbage til hjembygden; men han var nu en brudt mand. I stilhed og ubemerkethed henlevede han resten af sit liv under stort økonomisk tryk. Han fik en husmandsplads, byggede sig en liden hytte og søgte at tjene sit brød som træskjærer, fotograf, dagarbeider osv. Han blev kirketjener og graver. Han vedligeholdt dog sine aandelige interesser og bevarede sine aandsevner til det sidste.

[...] Han fik æresopreisning og stod for alle som en høitbegavet, velvillig, men ulykkelig og knækket mand med et dybt blik og en rig erfaring. [...] Han var lagkjær og vilde gjerne passiare: thi han havde tænkt over mange ting og kunde gaa dybere ind i de fleste materier end det pleier at ske. I sine sambygdingers minde vil han leve længe".

 

Torgeir P. Århus, 1840 - 1843

Torgeir Pedersen Aarhus (f. 1792) vart vald som ordførar etter at soknepresten Fredrik C. Bruun (sjå under) forlot Kvam. 

Han var gardbrukar på garden Århus.

 

Fredrich C. Bruun, 1838 - 1839

Fredrik Christian Bruun (f. 1803) vart utnemnd til sokneprest i desember 1929, og nokre år seinare vart vald som han vald som den fyrste ordføraren i heradet. 

Han fungerte berre som ordførar fram til i januar 1839, sidan han søkte og fekk presteembede i Hurdal i Akershus. 

Varaordføraren Sjur Torsteinson Mo, som hadde ei militær karriere bak seg, fungerte ei tid som ordførar etter dette.

 

Ordførarar i Strandebarm herad

  

Erling Bruhjell, 1955 - 1959

Erling Bruhjell (f. 1904) var gardbrukar, og ordførar i Strandebarm frå 1955 til 1959. Han representerte Bondepartiet.

  

Kristoffer B. Kolltveit, 1946 - 1954, 1960 - 1964

Kristoffer B. Kolltveit vart fødd på Litlelinga i september 1903, og var gardbrukar og båtbyggjar der. Han var også ei tid timbermann ved ein fangststasjon i Sør-Afrika.

Kolltveit var med på å skipa Strandebarm båtbyggjarlag, og var direktør i den lokale sparebanken frå 1940 av. Han vart vald inn i heradsstyret fyrste gongen i 1932, og vart ordførar i Strandebarm i 1946. 

Kolltveit representerte partiet Venstre.

  

Johannes L. Riise, 1945

Johannes L. Riise (f. 1877) dreiv gard på Risa. Han kom med i heradsstyret i 1920.

Riise var varaordførar i Strandebarm frå 1929 - 1934 og frå 1937 - 1943, då heradsstyret vart avløyst av det såkalla "heradstinget". Etter frigjeringa i 1945 vart han oppnemnd som ordførar i det mellombels heradsstyret, og deretter vald som ordførar til utgangen av året. 

  

Håvard A. Berge, 1921 - 1943

Håvard A. Berge (f. 1877) vart fødd på Berge, gjekk på Hordaland landbruksskule frå 1894 til 1896 og tok eksamen på landbrukslina ved Noregs landbrukshøgskule i 1899. I 1903 vart han tilsett som fylkesagronom i Hordaland, ei stilling han tok avskil frå i 1944.

Berge dreiv farsgarden frå 1909, kom med i heradsstyret i Strandebarm i 1920 og var varaordførar fram til han i 1921 rykte opp som ordførar, etter at Haktor Dysvik (sjå under) vart lensmann.

 

  

Haktor Pederson Dysvik, 1917 - 1921

Haktor Pederson Dysvik (f. 1878) gjekk Garnes folkehøgskule og overtok farsgarden i Dysvik. 

I 1908 vart han vald inn i heradsstyret, og frå 1911 til 1916 var han varaordførar. Frå 1917 til 1921 var han ordførar, då vart han lensmann.

 

Johannes Ugletvedt, 1908 - 1916

Johannes Ugletvedt vart fødd på Ugletveit 26. januar 1852, tok eksamen ved underoffisersskulen i Bergen og var sersjant ved Hardanger bataljon til han tok avskil i 1890-åra. Han var kasserar i Strandebarm Sparebank frå 1880 til 1927, og gardbrukar på Tangerås. Ugletvedt skipa eit venstrelag i 1889, og vart vald inn i heradsstyret i 1892. Han var også blant initiativtakarane til mange ulike tiltak frå 1870-åra til 1920-åra, mellom anna til eit leseselskap på Kolltveit og til det kommunale elektrisitetsverket som stod ferdig i 1923.

Då han gjekk bort sist på 1940-talet, nær 97 år gamal, skreiv avisa Hardanger at Strandebarm hadde mista ein av "sine mest framståande menn", og at han hadde hatt "omlag alle dei tillitsyrke som ei bygd kan leggja på ein mann". 

 

Thomas Enes, 1902 - 1907

Thomas Enes vart fødd på Ænes i Kvinnherad i september 1862. 

Enes dreiv landhandel. I 1901 vart han vald inn i heradsstyret, og som ordførar i to bolker.

  

Amund A. Fosse, 1886 - 1901

Amund Fosse (f. 1851) hadde mlitær utdanning, åtte gard på Børsheim og var postopnar på Bakka frå 1880 av. 

I 1882 vart han med i formannskapet, og han vart varaordførar i 1884 og ordførar i 1886. Frå 1905 til 1907 var han på ny varaordførar.

 

  

Lars C. Galtung, 1882 - 1885

Lars Christopher Galtung (f. 1832) hadde vore sjømann og hadde utdanning frå landbruksskulen i Kvinnherad. I 1864 gifta han seg til gard på Ljones, der han slo seg til.

Han vart innvald i heradsstyret i 1868, og vart varaordførar i 1880 og ordførar i 1882, etter at forgjengaren Arne H. Berge hadde vorte lensmann.

  

Arne H. Berge, 1876 - 1882

Arne Berge (f. 1850) overtok i ung alder farsgarden, og vart hausten 1875 innvald i heradsstyret, men valet vart underkjent då han var 8 dagar frå å fylla 25 år. Til omvalet var han gamal nok, og han vart vald på ny, og til ordførar med det same. 

I 1882 vart han lensmann, og gav seg som ordførar. Han var lensmann til han gjekk av for aldersgrensa i 1921, til saman i 39 år. Ved sida av dette yrket hadde han mange tillitsverv, blant anna som formann i skulestyret, som formann i styret til Strandebarm Sparebank og som formann i styret for HSD. 

Berge var fyrst Venstre-mann, så ein del av det såkalla moderate Venstre og etterkvart meir høgreorientert.

  

Mathias B. Holst, 1862 - 1863

Mathias Bonsak Krogh Holst var fødd på Belsvåg i Alstahaug i Nordland i 1824, og var oppkalla etter morfar sin, bipsen Mathias Bonsak Krogh. 

Han kom til Strandebarm i 1853 som sjef for Strandebarm kompani. Rundt 1865 avanserte han til kaptein og sjef for Hardanger landvernbataljon, og han sat i den stillinga til han i 1879 vart utnemnd til oberstløytnant i Stavanger.

I 1862 vart Holst vald inn i formannskapet, og gjort til ordførar. Men han var mykje på reise, og i stor grad var det varaordføraren Torbjørn B. Kolltveit som fungerte som ordførar.

  

Torbjørn T. Linge, 1860 - 1861, 1868 - 1871

Torbjørn T. Linge var bror til Nils T. Linge (sjå under), og vart fødd 11. november 1830. 

Linge skal ha vore ein ivrig lesar, og særleg hatt stor interesse for historie og samfunnslitteratur. 

Linge overtok fyrst ein part av farsgarden og kjøpte seinare gard på Fosse, men selde den og overtok eit mindre bruk på Børsheim. Han var nordlandsskippar og fiskeoppkjøpar og mykje brote på reiser. 

I 1860 vart han vald inn i formannskapet og med det same vart han også vald til ordførar, men han sa frå seg vervet i 1861. I 1868 til 1871 vart han ordførar på ny.

Torbjørn T. Linge var Venstre-mann, og varamedlem til Stortinget i 1868 til 1873. 

  

Nils T. Linge, 1858 - 1859, 1864 - 1867, 1872 - 1875

Nils T. Linge var fødd på Litlelinga i 1824, og var interessert i politikk og samfunnsspørsmål alt frå ung alder. Han vart vald inn i formannsskapet og som varaordførar i 1856, og etter at Jens Holmboe og Niels Landmark flytta frå bygda i 1858 vart han ordførar. 

I storpolitikken var Linge tilhengar av Søren Pedersen Jaabæk, som var kjend som "Neibæk", grunna si motvilje mot alt som kunne føra til auka offentlege kostnader. Nils T. Linge førde ein tilsvarande sparepolitikk lokalt. I den siste tida som ordførar møtte han mykje motbør for dette, ikkje minst frå lærarar i bygda, og i 1875 vart han kasta som ordførar.

  

Jens Holmboe, 1858

Distriktlækjaren Jens A. Holmboe overtok som ordførar i 1858, men flytta frå bygda alt 8. mai same året. Den tidlegare ordføraren Niels Landmark overtok ei kort tid, men då han flytta vart Nils T. Linge ordførar.

Holmboe var fødd i Bergen 18. november 1827, son av stortingsmannen og skulemannen Hans Holmboe, då rektor ved Bergens katedralskole. 

Holmboe var ein reformhuga og energisk lækjar, og kom i konflikt med den stive Landmark. Han reiste den fyrste vegsaka i Strandebarm, veg frå Eidesvågen til Eikelandsosen og var mellom initiativtakarane til sparebanken.

I 1858 fekk han plass som lækjar ved St. Jørgens hostpital i Bergen, årsaka til at han drog frå Strandebarm. Seinare var han overlækjar på Bergen kommunale sjukehus, og han gjorde også ei studiereise til Amerika for å granska spedalskheit blant utvandra nordmenn. 

  

Caspar Kahrs, 1854 - 1857

Caspar Kahrs (f. 1804) var den yngste sonen til prost Ditmar Kahrs, og dreiv landhandel og gjestgjevarstad på Bakka, seinare også styrar for postopneriet i Strandebarm. I 1852 kjøpte han det gamle prestenkjesetet på Tangerås, som han alt hadde pakta i nokre år. 

Kahrs var ordførar frå 1854 til 1857, og vert i bygdeboka skildra som "ein klok og samvitsfull mann, men altfor toleg og seinrøyven av seg til å bli nokon førar".

 

 

Torbjørn A. Røyrvik, 1852 - 1853

Torbjørn Andersson Røyrvik (f. 1811) vart utdanna underoffiser. Han var ordførar i 1852 og 1853, og vart seinare - i 1858 - lensmann.

 

Niels Landmark, 1844 - 1851, 1858

Landmark vert i Strandebarm og Varaldsøy i gamal og ny tid omtalt som "ein typisk representant for det norske embetsmannsaristokratiet kring midten av det førre hundradåret".

Han var fødd i Sunnfjord, der faren Niels Landmark også var sorenskrivar (den eldre Landmark var også innvald på Stortinget frå Nordre Bergenhus amt i 1821 - 1823). Etter å ha gjort ferdig teologiutdanninga i 1831 fekk han det residerande kapellaniet i Lindås, der han også var den fyrste ordføraren. I 1842 vart han utnemnd til sokneprest i Strandebarm. 

Av bygdeboka framgår det at Landmark var "ei kraft i kommunestyret som i alt anna, men han likte best å styra etter det gamle einevaldsprinsippet og heldt difor sjeldan heradsstyremøte, 

Landmark var ordførar i 1844 til 1851, og på ny i ei kort periode i 1858, då han flytta til det nye prestekallet sitt på austlandet.

 

Niels Burggraf Tausan, 1838 - 1843

Niels Burggraf Tausan vart fødd på Håbrekke i 1786, og var son til major J. A. Tausan, som kom frå ei slekt der mennene hadde vore offiserar i generasjonar. Også Niels gjorde karriere som offiser, og vart i 1812 utnemnd til kaptein. I 1819 søkte han avskil, og etter dette levde han på Håbrekke.

I bokverket Strandebarm og Varaldsøy i gamal og ny tid heiter det at han med åra vart "svært korpulent" og at han var "helst makleg av seg, men ein dugande og greid kar, omgjengeleg og godsleg", og då formannskapslova trådde i kraft var han sjølvskriven som ordførar. Han drog seg attende frå kommunepolitikken i 1843, og døydde i 1851.