Ordførar

Ordføraren i Kvam heiter Torgeir Næss, representerer Arbeidarpartiet, og er valt for perioden 2023 til 2027. Varaordførar er Frode Nygård frå Framstegspartiet.

   

Ordførarrolla

Ordføraren vert vald av dei folkevalde heradsstyrerepresentantane. 

Kvam herad nyttar formannskapsmodellen og då er ordføraren ansvarleg for å organisera arbeidet i formannskapet og heradsstyret, medan ein administrativt tilsett rådmann har ansvaret for å leia administrasjonen og for utgreiing av saker som vert lagt fram for dei folkevalde.

Ordføraren er den øverste offisielle tillitsvalde i kommunen og har ansvar for å representere kommunen ved offisielle arrangement og mottakingar.

Om å kontakta ordføraren

Ordføraren kan kontaktast per e-post (tornes@kvam.kommune.no) eller på telefon 402 45 840.
Ha på minnet at både e-post og annan kommunikasjon (t.d SMS) vil bli handsama i samsvar med Offentleglova. Difor må du rekna med at innhaldet i meldinga di kan bli offentleg tilgjengeleg.

Dette gjeld også for e-post sendt til ordføraren si private e-postadresse, dersom slik e-post har eit innhald og ei form som gjer at han må sjåast på som eit forvaltningsdokument. 

Torgeir Næss
Ordførar
E-post
Mobil 40 24 58 40