Internkontroll

Alle verksemder har plikt til internkontroll. Internkontroll er det same som systematisk arbeid med helse, miljø og sikkerheit. Når brann- og redningsvesenet kjem på tilsyn, er internkontrollen i verksemda noko av det me kan sjå på. Då har me fokus på den delen av internkontrollen som handlar om branntryggleik.

I brannlovgivinga er det slik at omgrepet verksemd famnar vidt og omfattar alle private eller offentlege føretak, utan omsyn til om drifta er innretta mot forteneste eller ikkje. Det vil seie at verksemda di har plikt til internkontroll sjølv om drifta er basert på frivilligheit og dugnad. Plikta til internkontroll gjeld altså både vanlege kommersielle verksemder, offentlege og private institusjonar og organisasjonar.

Det er den ansvarlege for verksemda som skal sørge for at internkontrollen vert innført og utøvd. Det vil seie leiinga eller styret. Eventuelle arbeidstakarar, tillitsvalde, verneombod og brukarar i verksemda skal medverka i arbeidet med internkontroll slik at samla kunnskap og erfaring kan verta utnytta.

Internkontrollen skal vere eit styringssystem som skal sikre at verksemda vert driven i samsvar med gjeldande krav og regelverk innan helse, miljø og sikkerheit. Det som er relevant for brannvesenet i den samanheng, er korleis verksemda jobbar systematisk for å førebygga og håndtera brann.

Døme på internkontroll

Resultatet av god internkontroll er at eventuelle problem blir oppdaga og teke hand om før det oppstår ulykker, skader eller andre uønska hendingar. I mange tilfelle vil også aukt forteneste og kvalitet kunne vere resultat av eit godt internkontrollsystem.

Omfanget av internkontrollen skal tilpassast verksemda sin størrelse, kompleksitet og risiko. Det vil seie at det ikkje finst noko ferdig sjekkliste, oppsett eller mal som utan vidare kan takast i bruk i di verksemd. Nedst på denne sida har me samla nokre lenker som kan brukast til læring og inspirasjon, og så må du sørge for eit internkontrollsystem som er skreddarsydd og spissa til å passa di verksemd.

Her kan du lesa kva brann- og ekslosjonsvernlova seier om plikta til internkontroll.

Her kan du lesa kva internkontrollen skal innbefatta.

Her kan du sjå kva Arbeidstilsynet seier om internkontroll.

Her kan du lesa meir om systematisk tryggleiksarbeid for bygningseigarar.

Her kan du lasta ned relevante malar og skjema for systematisk tryggleiksarbeid.