Den kulturelle spaserstokken

Profesjonelle kunst- og kulturaktørar kan søkja tilskot til Den kulturelle spaserstokken i 2024

Informasjon om ordninga

Den kulturelle spaserstokken er ei nasjonal kultursatsing som har som mål å sørgje for profesjonell kunst- og kulturformidling av høg kvalitet til eldre, la gode kunst- og kulturprosjekt for eldre lokalt bli utvikla innanfor eit mangfald av sjangrar og uttrykk, og leggje til rette for auka samarbeid mellom kultursektoren og omsorgssektoren.

Den kulturelle spaserstokken blir finansiert av Helse- og Omsorgsdepartementet og Kulturdepartementet i fellesskap.  Desse midlane bli utbetalt til fylkeskommunane og fordelt vidare til kommunane etter søknad.

Kvam herad har søkt og fått tilskot frå Vestland fylkeskommune til Den Kulturelle spaserstokken i 2024.
Iflg retningslinjene skal det stillast krav til kunstnerisk profesjonalitet og kvalitet, samt breidde i tilboda. Det vert ikkje gitt tilskot til investeringar, utstyr, administrasjon/planlegging, mat/servering eller kompetanseutvikling.

Målgruppa for "Spaserstokken" er eldre som kan ha problem med sjølve å oppsøkja kulturtilbod, og sentrale brukarar/arrangementstader er institusjonar for eldre. Tiltak på institusjonane, samt lokale arrangørar vert prioritert.
Kvam fekk tilskot på bakgrunn av søknad om tilskot til m.a konsertar, litteratur- og kunstformidling, samt lokalhistorie og folkemusikk. Prosjekt knytt til desse tema vert prioritert.

Tilskotsmottakarane står som arrangøransvarlege i samarbeid med Kvam herad, og ein finn meir informasjon i innleiinga til søknadsskjema.

Søknadsfristen er 1. februar 2024.

Mary Ann Sørheim
Leder
E-post
Telefon 95 40 77 10
Mobil 95 40 77 10