Etteradopsjon

Etteradopsjon er eit nasjonalt lågterskeltilbod for adopterte og adoptivfamiliar, finansiert av Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet. Dei gjev råd og rettleiing til utanlandsadopterte og til deira adoptivfamilie. 

Det kan til dømes dreia seg om tilknytning, skulestart, ungdomstid og identitet, eller om noko heilt anna. For nokre kan det vera nok å snakka med Etteradopsjon sin koordinator, for andre vil det vera naturleg å få ei henvisning vidare. Etteradopsjon skal fungera som ein «fyrsteinstans» med kunnskap og oversikt over kven som hjelpa eller gje rettleiing til dei som tek kontakt. 

Tenesta rettleier også vaksne adopterte i korleis du kan gå fram for å finna meir informasjon om din eigen bakgrunn, og kan gje råd både om det praktiske og det emosjonelle i ein sånn prosess. Dei kan kontaktast på telefon, e-post eller via anonym chat på nettsidene deira, som er å finna på etteradopsjon.no.