Krisesentertilbod

Krisesenteret er eit tilbod til deg som er utsett for vald eller overgrep frå ein partnar, familie eller andre du har eit nært forhold til. Krisesenteret for Bergen og omland dekkjer også Kvam herad. Du kan kontakta det via døgnopen telefon 55 31 50 50.

Vald, mishandling og overgrep er eit stort samfunnsproblem, med alvorlege konsekvensar for dei som vert ramma. Barn tek stor skade av å leva i ein utrygg heim der dei vert utsett for eller er vitne til vald. Dersom du er utsett for vald, eller lurer på om du blir utsett for det det er det viktig å koma seg vekk og å ta imot hjelp.

Du treng ikkje vera i akutt krise for å få hjelp på krisesenteret. Senteret tilbyr:

  • Ein trygg, mellombels stad å bu – eller dagtilbod om du heller vil
  • Beskyttelse, tryggleik, råd og rettleiing

Krisesenteret har hemmeleg adresse, men kontaktar du krisesenteret vil det bli avtalt ein møtestad. 

bsolutt alle kan kontakta krisesenteret, når som helst, uansett kjønn og alder. Du kan også ta med barna dine på krisesenteret.

  • Krisesenteret har døgnåpen vakttelefon
  • Det er gratis å få hjelp og gratis å bu på krisesenteret
  • Du trenger inga henvisning eller timeavtale for å kontakta senteret

 

Krisesentertilbod er ei lovpålagd teneste, og gratis. Krisesenteret skal tilby eit heilheitleg bu- og omsorgstilbod der du får dekka ditt behov for tryggleik og omsorg, og nødvendig hjelp til praktisk bistand ved behov. Krisesenteret har låg terskel og jobbar for at alle skal få overnatting og nødvendig omsorg og støtte. Damer og menn er adskilt og bur i kvar sine hus.

I tillegg til damer, barn og menn som er utsett for vald i nære relasjonar, gjev krisesenteret i Bergen også tilbod til kvinner som har vore utsett for valdtekt, og til dei som kan vera utsett for menneskehandel og tvangsekteskap.

Krisesenteret skal ha eit særleg fokus på barna i familiar der det er blitt utøvd vald. Krisesenteret har opplysningsplikt til barnevernet dersom dei har grunn til å tru at eit barn blir utsett for grov omsorgssvikt.

Bergen er vertskommune for senteret, som også gjev tilbod til personar i omegnskommunane og til personar som mellombels oppheld seg i Bergen. Alle tilsette ved krisesenteret har lovpålagt teieplikt.

For meir informasjon, sjå Bergen kommune sine nettsider.