Språk- og arbeidspraksis

For at flyktningar som blir busett i Kvam skal læra seg norsk er det nødvendig å ha språkpraksis i bedrift.

Hardanger fartøyvernsenter. Trebåtbyggeri med interesserte barn ståande rundt. - Klikk for stort bileteIllustrasjonsbilde frå Hardanger Fartøyvernsenter Foto Silje Ensby

I praksis kan ein læra seg arbeidsretta norsk som gjer det enklare å koma seg raskare ut i jobb. I tillegg lærer ein seg normer og reglar i norsk arbeidsliv, og får relevante referansar i Noreg. Praksis er ein viktig del av inkludering og integrering i samfunnet.

 

Er du arbeidsgjevar og ønskjer å tilby praksis til flyktningar?

Ta kontakt med Kristine tlf. 940 39 572 eller Cvetanka tlf. 948 99 643.

Har du spørsmål om praksis eller jobb til flyktningar kan du også ta kontakt med oss.

 

Ved oppstart i praksis vil ein inngå ein avtale med NAV om arbeidstrening. Denne avtalen er fleksibel og kan endrast ved behov. Du som arbeidsgjevar betalar ikkje lønn for flyktningen som er i praksis, men det er forventa at du bruker tid på nødvendig opplæring og språktrening.